TV-aksjonen: Nøgd med resultatet

Måndag kl. 09.00 var det registrert 1 475 621 kroner frå Øygarden til TV-aksjonen.
- Eg er godt nøgd med resultatet frå Øygarden. I kontanter kom det inn 206 793 kroner. Dette er 500 kroner meir enn i fjor seier rådgjevar for frivilligheit i Øygarden kommune, Julia Valeska Woehlert.

Elevane på Tjeldstø skule samla inn pengar på bøsser. - Klikk for stort bileteElevane på Tjeldstø skule samla inn pengar på bøsser.

Det vert stadig registrert pengar til TV-aksjonen som går til arbeidet Redd Barna rettar mot barn som er ramma av krig og konflikt.

På Bjorøyna vart det arrangert loppemarknad og grendalagskafé som resulterte i 15 tusen kroner til TV-aksjonen. Det som ikkje vart selt, vart levert vidare til to frivillige organisasjonar.

 - Det er gjennomført fleire ekstra tiltak for TV-aksjonen. Næringslivet samla inn 184 100 kroner den 6. oktober. Vi har fått melding om at det er gjennomført spleisaksjon på Spildepollen, Foldnes og Tjeldstø skular. Dette har resultert i 95 tusen kroner, seier Julia Valeska Woehlert som takkar alle som har bidrege i aksjonen. 

Spleisaksjonane er gjerne gjennomførte i samband med skuleløp. Tjeldstø skule var mellom dei skulane som arrangerte skuleløp.

På Bjorøyna var det loppemarknad og grendalagskafé til inntekt for TV-aksjonen. - Klikk for stort biletePå Bjorøyna var det loppemarknad og grendalagskafé til inntekt for TV-aksjonen.

 

Her er oppdatert resultat for Øygarden.

Her er fleire bilete frå Bjorøyna og Tjeldstø:

Olivia og Hannah er klar for TV-aksjonen. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Marita Myrvold Nonaas, FAU Tjeldstø og Gry-Kari Randem