- Trening og sunt kosthald er viktig

- Vi har lært kva produkt vi bør kjøpa. Det seier Mohammad Alnajjar som var ein av deltakarane på kurs som friskliv og meistring gjennomførte for arabisktalande vaksne menn på vaksenopplæringa fredag sist veke.

Frå kursdagen i sist veke - Klikk for stort bileteFrå kursdagen i sist veke

Vi møter Mohammad i ein pause i eit fem timar langt dagskurs om kosthald og fysisk aktivitet. 

Det handla om smart mat for god helse, hjelp til å ta gode val og kvifor aktivitet er viktig. 

- Vi har mellom anna lært om kor mykje protein, fett og karbohydrat og protein kroppen tar opp. Det er viktig å velja rett produkt når vi gjer innkjøp som til dømes grovt brød og gjerne kvitt kjøt i staden for raudt kjøt og ikkje eta for mykje. Det er også lurt å velja nøkkelhull-produkt. Det var svært interessante tema på kurset, seier han.

Friskliv og meistring har på førespurnad frå NAV gjennomført ulike kurs for framandspråklege grupper. Det er tidlegare gjennomført livsstilskurs over fem samlingar for framandspråklege grupper. Koordinator for Friskliv og meistring, Linn Jeanette Waagbø, seier at det kan vera utfordrande for deltakarane å møta opp over fleire samlingar av ulike årsaker. 

- Eit heildagskurs som vi gjennomførte på fredag er eit enklare format der vi kan nå ut til fleire aktuelle deltakarar, seier ho.

Janicke Engebretsen  - Klikk for stort bileteJanicke Engebretsen

Fysisk aktivitet

Då vi var innom kurset på fredag, var det fysioterapeut Janicke Engebretsen som underviste. Då handla det om fysisk aktivitet.

- Du får betre søvn av å vera i aktivitet og humøret blir betre. Investerer du i ei timelang trimøkt, får du overskot og orkar meir. Skal du få eit sterkare hjarte, må du kjenna at det er litt tungt når du trenar. Ikkje ver redd for å bli sliten og at du pustar tungt og kjenner at hjartet slår. Fysisk aktivitet saman med godt kosthald førebyggjer hjarte- og karsjukdomar, seier Janicke til dei 13 mannfolka som tydeleg er interessert i temaet og har fleire spørsmål og kommentarar.

Ho minner om at kvardagsaktivitetar som gåturar, bruka tappa i staden for heis, bevegelse kvar time gjer godt for kroppen. 

Dette var eit nyttig kurs, seier ohammad Alnajjar  - Klikk for stort bileteDette var eit nyttig kurs, seier ohammad Alnajjar

Mohammad Aljajjar kjem frå Syria. Han har familie i Tyrkia og har budd i Noreg i to år. Han jobbar som kokk på ein restaurant i Bergen, men bur i Øygarden.

I tillegg til godt kosthald, er det viktig å trimma.

- Eg trenar på treningssenter to gonger i veka. Det er viktig å trena for å byggja opp muskulaturen. I det heile tatt er det viktig å vera i aktivitet kvar dag, seier Mohammad Alnajjar.

Krevjande å ta gode val

Formålet med dette heildagskurset er å gje kunnskap og inspirasjon med fokus på eit sunt og godt kosthald og fysisk aktivitet. Sjølv for folk flest som snakkar norsk kan det vera vanskeleg å navigera i jungelen av kostråd og å vita kva som er gode og mindre gode val. 

- Når dei framandspråklege ikkje kjenner språket så godt, og ikkje er kjent med norsk mat og matvarer, kva dei skal sjå etter i butikken eller er trygg på kva råd dei skal lytta til, blir det ekstra krevjande å ta dei gode vala.

- Vi opplevde at deltakarane var svært interesserte i dei temaa som vart presenterte, og dei gav uttrykk for at dei hadde lært mykje og var svært takksame. Vi tenkjer at eit slikt samarbeid med NAV i dette formatet er noko vi ønskjer å halda fram med også til andre grupper, seier Linn Jeanette Waagbø.


Tekst og foto: Vigleik Brekke