Treng hjelp til sluttspurten med bygdeboka

I desse dagane vert manuset til slektsdelen til gards- og slektshistoria til ein del av tidlegare Hjelme lagt ut til gjennomlesing. Historikar i Øygarden kommune, Halvor Skurtveit, oppmodar dei som høyrer til dei aktuelle gardane om å ta faktasjekk av manuset innan 1. juli. Han ønskjer også fleire foto til bøkene.

Halvor Skurtveit ber folk lesa gjennom manuset som no er lagt ut. Han ønskjer også fleire gamle bilete. - Klikk for stort bileteHalvor Skurtveit ber folk lesa gjennom manuset som no er lagt ut. Han ønskjer også fleire gamle bilete.

Bygdeboka for gamle Øygarden omfattar området nord for Svelgen. Det skal gjevast ut totalt sju band; to med allmennhistorie og fem med gards- og slektshistorie.

I 2023 skal det gjevast ut to band. Det eine handlar om allmennhistoria fram til 1870, medan det andre omfattar gards- og slektshistoria frå sju gardar i tidlegare Hjelme. Det er manuset til slektsdelen til dei sju gardane fram til 2019 som no er lagt ut på dei tre innbyggartorga og biblioteka. Resten av gardane i gamle Hjelme vert omtalt i eit eige band.

- 1. juli må reknast som siste frist, og det er difor viktig at folk les gjennom manuset no. Vi ønskjer at folk kjem med merknader og ønske om endringar eller tillegg. Manuset vert språkvaska fram til slutten av august før det går i trykken, seier Halvor Skurtveit.

Det er manuset for slektshistoria til gardsnummer 201 til 207 som omfattar gardane Sture, Skjold, Hatten, Hovden, Nordvik, Nautnes (inkludert Stølsnes) og Nordre Sæle (inkludert Bakken og Svellingen) som er lagt ut til gjennomlesing. Manuset er berre tilgjengeleg i papirutgåve.

Bilete

Fotografi er viktig for dei som skriv bygdebøker. Skurtveit seier at det er behov for fleire bilete frå heile gamle Øygarden.

- Akkurat no er vi mest opptekne av å få tilgang til bilete frå dei sju aktuelle gardane i gamle Hjelme. Bilete fortel mykje om arbeidslivet og kvardagen. Vi er også interessert i familiebilete. Det viser seg at gamle, små bilete ofte har god kvalitet, seier historikaren.

Prosjektleiar for bygdebokprosjektet og leiar av bygdeboknemnda er statsarkivar i Bergen, Yngve Nedrebø. Han har skrive om gardsbruka. Kenneth Bratland er forfattar av eldste delen av slektshistoria , medan Kjell Alvheim har ansvaret for slektsdelen frå 1800-talet og framover. Frode Fyllingsnes er forfattar av allmennhistoria.

Gamle bilete

Her er nokre av bileta som er samla inn

Hjelme gamle kyrkje - Klikk for stort bilete
Frå Stura - Klikk for stort bilete
Frå Skjold - Klikk for stort bilete

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Nasjonalbiblioteket, utlån frå Gunhild Henne og Eli May Rasmussen