Treff+: Allsong med Vivian Steinsland

Treff+ har opna eit nytt tilbod på Sartor Storsenter kvar torsdag klokka 13.00-14.00 Torsdag 30. mars var første gongen. Det var 76 songglade seniorar samla på Odeon Kino Sotra som ville syngja med.

Mange møtte fram på opningsdagen. - Klikk for stort bileteMange møtte fram på opningsdagen.

Styreleiar i Treff+ Berit Anita Knudtsen Larsen opna med å takka alle som har bidratt i planlegginga. Mykje arbeid er lagt ned i forkant, og utan desse eldsjelene ville det ikkje vore mogleg. Ho takka Ernst Einarsen, Silvia Haugland, Hege Tveit, Hege Misje, Hans Jarle Einarsen, Vivian Steinsland, Rolf Øvretveit og Thomas Skålnes. Det er også desse som har lagt til rette for oppstart av Demenskortet som vil ha sin første øving torsdag 27. april.

Ho takka også sponsorane er med å støtta dette viktige arbeidet for songlande seniorar i Øygarden. Utan eldsjeler og sponsorar hadde dette ikkje vore mogleg å få til på så kort tid. Ho takka alle frammøte som vil vere med på Allsong. Rune Asle Straume frå Sparebanken Vest på Straume overrekte 500 000 til Allsong og Demenskoret. Dette er verdifulle tiltak for innbyggjarane som vi ønskjer å støtte. Verdiar skapar vi saman ved å visa samfunnsengasjement!

Vivian Steinsland leia allsong med "La oss leva for kvarand - Klikk for stort bileteVivian Steinsland leia allsong med "La oss leva for kvarandre".

Vivian Steinsland spela opp til ein song som passa perfekt til opninga av Allsong: La oss leve for hverandre (Gluntan, 1969). Ho oppfordra alle til å koma med forslag til songar til neste gong, som er torsdag etter påske 13. april klokka 13.00-14.00. Det kom inn 15 forslag på kort tid.

Allsong: Eit song og musikktilbod som ein kan vera med på kvar torsdag klokka 13.00-14.00 i sal 1 på Odeon Kino Sotra. Det er ingen påmelding,-  berre møt opp med den stemma du har! Allsong vil ha ulike musikarar som er flinke til å få folk til å stemma i, og deltakarane må gjerne melda frå om det er nokon favoritt songar dei kan tenkje seg å syngja. Tekst visast på filmlerret.

Demenskoret: Også eit fast tilbod under organisasjonen TREFF+. Første øving er torsdag 27. april klokka 12- 13 på Sartor Storsenter. Demenskoordinator vil leggja forholda godt til rette for deltakarane i koret. Det vil vera eit sosialt tilbod med kaffi, te og noko å bita i både før og etter øvinga.

Her er fleire bilete:

Anita Knudtsen Larsen - Klikk for stort bilete
Rune Asle Straume - Klikk for stort bilete
Thomas Skålnes og Rune Asle Straume - Klikk for stort bilete
Rune Asle Straume og Berit Anita Knudtsen Larsen - Klikk for stort bilete
Ernst Einarsen og Vivian Steinsland - Klikk for stort bilete
Plakat - Klikk for stort bilete