Totalforbod mot bruk av open eld

Frå og med fredag 16. juni klokka 12.00 er det totalforbod mot bruk av open eld i Øygarden. Forbodet gjeld fram til 30. juni klokka 12.00.

Totalforbodet gjeld frå og med fredag 16. juni kl. 12.00 - Klikk for stort bileteTotalforbodet gjeld frå og med fredag 16. juni kl. 12.00.

Forbodet inneber all bruk av eld i skog, utmark og innmark. Forbodet gjeld også faste tilrettelagde bålplassar, parkar og grøntområde.

Brannsjef i Øygarden brann og redning, Bjørn Olav Paulsen, seier at det er lov å grilla i eigen hage dersom dette ikkje er i eller i nærleiken av utmark.

- Forbodet gjeld også St. Hansbål, med mindre det skulle koma store nedbørsmengder som fører til at skogbrannindeksen går vesentleg ned. Eg oppmodar alle til å respektera forbodet om bruk av open eld i denne perioden, seier Paulsen.

Grunnen til at totalforbodet vert innført, er at faren for gras-, lyng- og skogbrann er svært stor. Dette forbodet kjem i tillegg til det generell forbodet som gjeld i eller i nærleiken av utmark. Forbodet må no utvidast til å gjelda innmark ettersom open flamme kan spreia gnistar over eit stort område, også innover utmark.

Også andre kystkommunar har innført totalforbod.

Meteorologisk institutt varsla 16. juni at skogbrannfaren frå 16. juni er oppgradert til stor skogbrannfare (oransje nivå). Varselet gjeld til 20. juni.



Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Colourbox