To tusen samla til MOT-fest

Det yrte av ungdomar inne  og ute på idrettsområdet på Straume på fredag. Alle ungdomsskulane var samla til MOT-fest, og stemninga var god. Det vart flagga med MOT-flagg på rådhuset og på ungdomsskulane.

Frå MOT-festen om ettermiddagen. - Klikk for stort bileteOm ettermiddagen var det MOT-fest

Den første delen av dagen kunne elevane velja mellom ei rekkje aktivitetar. Det vart gjennomført fleire forball- og badminton-turneringar. Det heile vart avslutta med eit forrykande show i Sotra Arena mellom klokka 14 og 16.

- Vi har vore varierte aktivitetar å velja mellom, men det vart litt lenge å venta til MOT-festen tok til klokka 14. Det var kjekt å gjera noko anna enn det vi gjer på ein vanleg skuledag, seier Frida Økland som går i 10E på Tranevågen ungdomsskule.

Isabell Brakstad går i 10A på Danielsen ungdomsskule.

- Dette er eit gøy arrangement. Eg kunne tenkt meg turnering i volleyball og handball i tillegg til fotball og badminton, seier ho.

- Det var veldig kjekt på møta nye folk og at alle ungdomsskulane var med på arrangementet. Vi kunne kanskje hatt litt meir «normale» leikar. Ettersom eg skal rekkja korpsøving i ettermiddag, får eg ikkje med meg MOT-festen klokka 14, seier Tuva Ystebø-Ellingsen som går i 10 C på Tranevågen ungdomsskule.

Frå venstre; Frida Økland, Tuva Ystebø-Ellingsen og Isabell Brakstad - Klikk for stort bileteFrå venstre; Frida Økland, Tuva Ystebø-Ellingsen og Isabell Brakstad

Samfunnsbygging

Ordførar Tom Georg Indrevik talte på sjølve MOT-festen og understreka den rolla kommunen har som samfunnsbyggjar.

- Det er fint at alle ungdomsskulane er samla på denne måten om MOT-verdiane. Eg vil nytta høvet til å takka alle som har bidrege til dette arrangementet, sa ordføraren og viste til alle aktørane som stått på for å få dette til.

Han viste mellom anna til at ein har fått til eit sambruk av scene og teknisk utstyr saman med Sotra Fest. Sparebanken Vest har løyvd eit stort beløp til arrangementet. Andre bidragsytarar er mellom anna Raudekrossen, politiet, Sotra Sportsklubb og mange andre. I tillegg til 1 700 elevar har eit par hundre vaksne bidrege på ulik vis.

Rektor på Tranevågen ungdomsskule, Rune Golf, er med i arrangørkomiteen. Han reknar med at rundt to tusen personar har vore innom arrangementet inklusive dei vaksne. 

- Eg er veldig glad for at alle ungdomsskulane deltek på dette, inklusive Danielsen. Vi starta klokka 09.30 med aktivitetar der vi har prøvd å finna aktivitetar som passar for alle. Heile arrangementet byggjer på dei gode MOT-verdiane, seier Golf.

Elevane som deltok på minst fem aktivitetar fekk gratis juice og bagett. Arrangementet er eit samarbeid mellom MOT og Øygarden kommune. Sparebanken Vest har løyvd 400 tusen kroner til arrangementet. Det er amatørkulturrådet i Øygarden som søkte om midlane på vegner av arrangøren.

I tillegg til ordføraren, var det tale  ved representantar frå MOT og kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta.

Her er fleire bilete:

Frå MOT-festen - Klikk for stort bilete
Frå MOT-festen - Klikk for stort bilete
Frå MOT-festen - Klikk for stort bilete
Frå MOT-festen - Klikk for stort bilete
Frå MOT-festen - Klikk for stort bilete
Frå MOT-festen - Klikk for stort bilete
Frå MOT-festen - Klikk for stort bilete
Frå MOT-festen - Klikk for stort bilete
Aktivitetar - Klikk for stort bilete
Frå MOT-festen - Klikk for stort bilete
Aktivitetar - Klikk for stort bilete
Aktivitetar - Klikk for stort bilete
Aktivitetar - Klikk for stort bilete
Aktivitetar - Klikk for stort bilete


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Farshid Amini og Vigleik Brekke