Tilrår mandat og organisering av Framtidssamfunnet

Formannskapet tilrår samrøystes å godkjenna mandat og organisering av Framtidssamfunnet. Saka var til behandling på møtet måndag.

Det vart markert på formannskapsmøtet at Øygarden kommune i andre kvartal passerte 40 tusen innbyggjarar. Ordførar Tom Georg Indrevik tok det første kakestykket. - Klikk for stort bileteDet vart markert på formannskapsmøtet at Øygarden kommune i andre kvartal passerte 40 tusen innbyggjarar. Ordførar Tom Georg Indrevik tok det første kakestykket.

Framtidssamfunnet skal organiserast som eit prosjekt med formannskapet som styringsgruppe. Kommunen har ansvaret for finansiering og drift av den administrative delen, medan dei ulike tiltaka/enkeltprosjekta vert finansierte særskilt gjennom prosjektmidlar, tilskot og bidrag frå deltakarar. 

I saksutgreiinga og mandatet går det mellom anna fram at eit sekretariat skal ha ansvaret for den daglege drifta. Framtidskomitéen skal ha eit overordna ansvar for Framtidssamfunnet og er sett saman av personar med ulik kompetanse og som representerer ulike delar av øygardsamfunnet. Ein prosjektjury skal vurdera tiltak og/eller prosjekt som skal testast ut i Framtidssamfunnet.

Saka går vidare til kommunestyret. I forkant av kommunestyret vert kommunedirektøren beden om leggja fram eit notat som avklarar om partnarskapsavtalen med SINTEF skal vidareførast eller ikkje.

Vil utvida ramma for startlån

Formannskapet tilrådde at kommunen tek opp eit ytterlegare lån på 50 millionar kroner frå Husbanken for vidare utlån (startlån). Kommunen aukar dermed ramma frå 50 til 100 millionar kroner. Det viser seg at det er eit større behov for vidare utlån enn det som vart lagt til grunn i budsjettframlegget hausten 2023. Det er forventa at kommunen totalt vil låna ut om lag 100 millionar kroner fordelt på om lag 45 husstandar.

SV føreslo at kommunen skulle ta opp med Husbanken spørsmålet om vilkåra for eininntektsfamiliar kan betrast slik at dei kan eiga eigen bustad. Ordføraren fekk støtte frå formannskapet om at kommunen sender eit brev til departementet som omhandlar denne utfordringa. 

Saka vert avgjort av kommunestyret.

Andre saker

Øygarden kommunestyre tok finansrapport per 30.06.2024 til orientering slik han låg føre.

  • Formannskapet bad kommunedirektøren laga ei mindre fem-årsmarkering for Øygarden kommune som kan dekkjast innanfor gjeldande budsjettrammer.
     
  • Øygarden formannskap vedtok samarbeidsavtale mellom Øygarden kommune og Vestland fylkeskommune slik han låg føre. Avtalen gjeld både for Invest in Bergen og Etablerersenteret.  Samarbeidsavtalen gjeld for perioden 1. januar 2025 til 31. desember 2028.
     
  • Øygarden kommune ved formannskapet vedtok høyringsuttale til ny “Forskrift om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (valgforskrift)” og endringar i “Forskrift om valg til Sametinget” slik det gjekk fram av saksutgreiinga.
     
  • Saka om betaling for bustader som står tomme (tomgangsleige) vart utsett.


    Tekst og foto: Vigleik Brekke