Tilrår å ta imot 200 flyktningar

Levekårsutvalet (LKU) går inn for at Øygarden kommune tar imot 200 flyktningar i 2024, der sju kan vera einslege mindreårige over 15 år. Integrering- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har bedt kommunen om å busetja til saman 240 flyktningar dette året.

Roberg Kaupang Sæle på talarstolen - Klikk for stort bileteRoberg Kaupang Sæle (H) støtta framlegget frå kommunedirektøren om å ta imot 200 flyktningar i 2024.

Grunnen til at IMDi har bedt om at kommunen tek imot 240 flyktningar i 2024 er at det aldri før har kome så lange flyktningar til Noreg på kort tid. Øygarden har teke imot 430 flyktningar i løpet av dei to siste åra, dei fleste frå Ukraina.

IMDi har bedt om at tre av dei 240 plassane Øygarden er beden om å busetja, er tre einslege mindreårige og sju mindreårige over 15 år. I saksutgreiinga skriv kommunedirektøren at ein treng å trappa mottaket noko ned i 2024 og at ein takkar nei til oppmodinga om å busetja tre einslege mindreårige under 15 år. 

I tilrådinga heiter det også at kommunen vil vurdera å auka mottaket etter ei eventuell ny oppmoding frå IMDi. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Frp føreslo at kommunen skal busetja inntil 100 flyktningar i 2024, der sju kan vera einslege mindreårige over 15 år, og dei andre er komne som einslege vaksne eller familiar. Det mellombelse vedtaket om å busetja 30 flyktningar i 2024, (kommunestyret den 21. desember 2023), vert innlemma i talet på 100 busette i 2024. 

Frp røysta primært for dette forslaget og sekundært for innstillinga frå kommunedirektøren. Tilrådinga om å ta imot 200 flyktningar i 2024 vart dermed samrøystes.

Sala går til endeleg behandling i kommunestyret.

Kristin Børge Jacobsen (Frp) på talarstolen. - Klikk for stort bileteKristin Børve Jacobsen (Frp) røysta primært for at Øygarden kommune skal ta imot 100 flyktningar i 2024, men sekundært for framlegget frå kommunedirektøren (200 flyktningar).

Vil justera krinsgrensene for Knappskog og Kolltveit skule

LKU tilrår overfor kommunestyret at Blommenfeltet frå og med skuleåret 2024/2025 vert lagt til skulekrinsen til Kolltveit skule. Elevane som bur her og skal ta til i 1. klasse, skriv seg inn på Kolltveit skule. Elevar som bur i Blommenfeltet, og som allereie går på Knappskog skule, beheld plassen sin der, kan søkja om skulebyte til Kolltveit skule og vil få søknaden innvilga.

Endringar i barnehagelova

Med sju røyster vedtok levekårsutvalet eit framlegg frå Frp, Høgre, KrF og Sotralista-TVØ som høyringsuttale til forslag om endringar i barnehagelova (Styring og finansiering av barnehagesektoren). Her kan du lesa heile uttalen. (PDF, 93 kB)
Framlegget frå kommunedirektøren, med unnatak av eit punkt om at kommunen ikkje ønskjer forkjøpsrett, fekk tre røyster og fall. 

To medlemer (Sp og Ap) i utvalet røysta for at kommunen ønskjer kommunal forkjøprsrett.

Reduserer talet på tilskotsordningar

LKU vedtok å redusera talet på tilskotsordningar til kultur-, idrett- og frivilligheit frå og med søknadsperioden 2024. 
Det er i dag 10 tilskotsordningar. Nokre av eksisterande tilskotsordningar vil gå ut. Dei som tidlegare har fått tilskot under tilskotsordningar som går ut, kan søkja om støtte under andre ordningar.

Tilrår å senda ut framlegg til revidert alkoholpolitisk handlingsplan på høyring

LKU tilrår at alkoholpolitisk handlingsplan for Øygarden kommune 2024-2028 vert sendt ut på høyring i tre veker.

Saka går vidare til behandling i kommunestyret.  

Samarbeidsavtalar

Utvalet tilrår framlegg til samarbeidsavtale mellom Øygarden kommune og Øygarden idrettsråd og mellom Øygarden kommune og Øygarden musikk og kulturråd. 


Tekst og foto: Vigleik Brekke