Frå møtet i RFF 19. februarRFF var samla til møte onsdag denne veka.
Øygarden kommune har fått tilbod om å kjøpa 41 nøkkelferdige omsorgsbustader sentralt på Ågotnes. Målgruppa for bygget er eldre med vedtak om heildøgns helse- og sosialtenester. Bygget skal utformast slik at det løyser ut investeringstilskot frå Husbanken.
Kommunedirektøren har tilrådd å avslå direkte anskaffing av desse omsorgsbustadene. Han stiller spørsmål om bygget er tilstrekkeleg lagt til rette for eldre som har vedtak om heildøgns helse- og sosialtenester. Han er også uroleg for at kommunen tek all økonomisk risiko knytt til vidaresal til sluttbrukar.
I eit anna tilleggspunkt tilrår RFF at det vert utarbeidd ein modell for at bustadene vert leigde ut til sluttbrukar og at kommunen har tildelingsrett.
I tilrådinga heiter det også at kommunestyret tek atterhald om endeleg pristilbod før kjøpsavtale vert inngått. Før byggjestart skal det vera avklart at prosjektet er godkjent for investeringstilskot frå Husbanken, mva-refusjon frå skatteetaten og at personalfasilitetar er godkjent av Arbeidstilsynet. Øygarden kommune finansierer kjøpet med mellombels låneopptak. Lånet vert innfridd når prosjektet er ferdigstilt og burettslaget etablert.
Leiar i RFF, Ingvild Skaar, seier at rådet ønskjer kommunen står som eigar og at bustadene vert leigde ut.
- Vi ser risikoen i å inngå kontrakt om omsorgsbustadene, men vi opplever at det er eit stor behov for denne type bustader. Det er viktig at vi gjer noko no for å unngå at vi hamnar bakpå, seier ho.
Saka går via eldrerådet og levekårsutvalet til endeleg behandling i kommunestyret.
Ingvild SkaarTreng behovsanalyse for helse og velferd
Rådet sluttar seg til innstillinga frå kommunedirektøren om at det vert lagt fram revidert behovsanalyse for helse og velferd våren 2025.
Kommunedirektøren vert beden om å førebu kunngjering av ein konkurranse for bygging av omsorgsbustader for personar med heildøgns omsorgsteneste. Prosjektet skal fylla vilkår for investeringstilskot og realiserast i 2029/2030. Det skal fremjast ei sak juni 2025 som skildrar korleis ei slik anskaffing kan gjennomførast.
I tillegg ønskjer rådet at det ved bygging av bustadar må det sikrast at ein også riggar tenesta med økonomiske rammer som sikrar drift av heildøgns omsorgsteneste. RFF skal vera involvert i utforminga av slike bustadar.
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Årsmelding 2024
RFF tilrår å godkjenna årsmelding 2024 for råd for personar med funksjonsnedsetjing, og tek ho til orientering slik ho ligg føre.
Også denne saka går til kommunestyret.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Tekst og foto: Vigleik Brekke