Tilrår å gje klarsignal for rehabilitering av Fjell kyrkje

Utval for samfunnsutvikling tilrår at arbeidet med å vøla Fjell kyrkje vert starta opp. Dette var ei av sakene i utvalet tysdag.

Frå samling i september 2019 då tilstandsrapporten om Fjell kyrkje vart presentert. - Klikk for stort bileteFrå samling i september 2019 då tilstandsrapporten om Fjell kyrkje vart presentert.

I tilrådinga heiter det vidare at ein ber kommunedirektøren å koma tilbake med ei sak knytt til eventuelle stønadsordningar når nytt bevaringsprogram for kyrkjebygg ligg føre frå Barne- og familiedepartementet og Klima- og miljødepartementet.

Alle som tok ordet i saka understreka at dette var ei viktig sak og at det er nødvendig å gjennomføra prosjektet.

Prosjektleiar Arne-Magne Fjell gav orientering om rehabiliteringsprosjektet. Bakgrunnen for saka er ei tilstandskartlegging hausten 2021 som viste omfattande skadar på kyrkja og at det er behov for snarlege tiltak. I økonomiplanen for 2022-2025 er det sett av 39 millionar kroner til prosjektet. Fjell opplyste at etter anbod ligg investeringskostnaden innanfor ramma. Akasia Eiendomsforvaltning AS vann anbodskonkurransen på grunnlag av kvalitet og pris.

Saka vert avgjort av kommunestyret.

Sender sak om grendehus tilbake til administrasjonen

Utvalet vedtok samrøystes at kommunen ikkje skal gå vidare med planar for å byggja grendehus på tomta til tidlegare Ekerhovd skule.

Etter forslag frå Andreas Kallekleiv (H) vart det med seks røyster (Høgre, Frp, Sotralista og KrF) vedteke å senda saka tilbake til administrasjonen der administrasjonen vert beden om å gjennomføra eit dialogmøte med grendelaget for å kartleggja ønske og behov for ein samlingsplass/møteplass for bygda i framtida. Alternative område kan også vurderast.

Mindretalet (Arbeidarpartiet, Raudt, Folkets parti FNB og uavhengig) røysta for innstillinga frå kommunedirektøren. Der heiter det mellom anna at kommunedirektøren skulle få i oppdrag å koma tilbake med ei sak om kva som er mogleg framtidig bruk av uteområdet og eventuelle tiltak. Også her er det lagt inn dialog med grendelaget etter denne avklaringa om mogleg bruk av uteområdet.

Stengjer vegen gjennom Landrodalen

Utval for samfunnsutvikling vedtok samrøyste fysisk å stengja vegen gjennom Landrodalen for gjennomkøyring i ein prøveperiode for å sjå om bruken av gang- og sykkelstien vil auka som ønskt. Prøveperioden vert evaluert og framtidig bruk av vegen kjem opp som sak i august(september 2024.

Kvartalsrapport

Utvalet tilrår overfor kommunestyret å ta kvartalsrapport for første kvartal 2023 til orientering. Ved utgangen av mars viser rapporten eit netto driftsresultat i underkant av ein halv millionar kroner betre enn budsjettert budsjett så langt i år. Kommunalsjefområda har eit samla meirforbruk på 32 millionar kroner.


Tekst og foto: Vigleik Brekke