Tilrår å forskottera spelemidlar

Formannskapet tilrår å forskottera 1,3 millionar kroner til skateboardområde og lagerbygg ved Spilepollen skule.

Etter drøfting i ein pause samla formannskapet seg om tilråding edtak i saka om forskottering av spelemidlar til skateboardområde ved Spildepollen skule. - Klikk for stort bileteEtter drøfting i ein pause samla formannskapet seg om tilråding i saka om forskottering av spelemidlar til skateboardområde ved Spildepollen skule.

I tilrådinga frå formannskapsmøtet tysdag heiter det også at kommunedirektøren får fullmakt til å utforma og inngå avtale med Glesnes ungdoms- og idrettslag og Øygarden kommune.

I saksutgreiinga understrekar kommunedirektøren at kommunen er i ein krevjande økonomisk situasjon og bør prinsipielt ikkje forskottera spelemidlar. I denne saka er det allereie løyvd 1,3 millionar kroner, og det er nødvendig å forskottera midlar for at ungdoms- og idrettslaget skal kunna realisera prosjektet. Difor tilrår kommunedirektøren å gjera eit unnatak i denne saka.

I debatten tok Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) opp det prinsipielle med å forskottera midlar i eit enkelttilfelle som dette og kva konsekvens det kan få for liknande søknader seinare. Etter ein pause samla formannskapet seg om eit tredje punkt om at kommunestyret ber om at det vert lagt fram ei prinsippsak i om forskottering av tippemidlar. 

Saka går vidare til endeleg behandling i kommunestyret.

Følgjer opp arbeidet med å redusera sjukefråværet

Formannskapet ber om at arbeidet med å redusera sjukefråværet vert følgd opp ytterlegare. Det låg på bordet ei sak frå kommunedirektøren som var ei oppfølging av budsjettvedtaket i desember.

Formannskapet slutta seg til innstillinga frå kommunedirektøren om å ta saka til orientering. Det vert bedt om ei eiga sak om vidare utvikling av ressursbank. Formannskapet skal få ei rapportering om utvikling i sjukefråvær som ein del av økonomirapporten som vert sendt til formannskapet kvar månad.

På møtet i formannskapet på tysdag vart det fremja eit fellesframlegg der det vert vist til at utviklinga innan sjukefråværet og bruk av vikarar er ei stor utfordring. Kommunen har allereie teke mange grep, men har så langt ikkje lukkast med å snu utviklinga. Det er difor grunn til å vurdera andre verkemidlar som i større grad er forankra gjennom politiske vedtak.

Formannskapet ønskjer at saka vert følgd opp ved at administrasjonsutvalet får i oppdrag å sjå på alle forhold som har innverknad på sjukefråværet og bruk av vikarar innan offentlege sektor og næringslivet, og med det som utgangspunkt gje ei tilråding med konkrete tiltak som kan følgjast opp i sak til formannskapet i juni 2025.

Saka bør mellom anna drøfta følgjande:

  • årsaker til forskjellen i sjukefråvær i forhold til den einskilde eininga og kva målretta tiltak som er nødvendig å setja inn for å utjamna denne forskjellen
  • mogelegheiter for å nytta vikarmidlar til å tilsetja faste vikarar, innanfor vedteke budsjett
  • evaluering og eventuelt vidare utvikling  av kompetanse- og bemanningssenteret

Bruk av eigenmeldingar utan IA-avtale

Formannskapet slutta seg til tilrådinga frå dei lokale partane og vedtok å vidareføra eigenmeldingsordninga i Øygarden kommune med opptil åtte kalenderdagar om gongen og opp til 24 kalenderdagar i løpet av eitt år.
Debatthefte KS 2025 - Frå forventning til verkelegheit

Debatthefte KS 2025

Formannskapet drøfta innspel frå KS (fellesorganisasjon for kommunane) om Debatthefte KS 2025. Debatthefte 2025 gjev grunnlag for debatter i kommunestyra og fylkestinga og gjev svar tilbake til KS som er avgjerande for standpunkt og politikk.

Formannskapet tilrår å gje uttale til debattheftet i samsvar med svara som går fram av saksutgreiinga. 

Tilrår å endra forskrift til politivedtekter 

Formannskapet tilrår å endra ny forskrift i politivedtektene paragraf 9-3. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret. 

Les innkalling med saksutgreiing til alle sakene her. 



Tekst og foto: Vigleik Brekke