Tilrår å arbeida vidare med prøveprosjekt

Råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) tilrår at Helse og velferd held fram arbeidet med å utvikla tiltak for å redusera sjukefråvær slik det er gjort greie for i ei sak om prøveprosjekt om auka brunnbemanning innan helse og velferd. RFF var sama til møte på onsdag denne veka.

Frå møtet i råd for personar med funksjonsnedsetjing 24. april. - Klikk for stort bileteFrå møtet i råd for personar med funksjonsnedsetjing 24. april.

I tilrådinga heiter det også at prosjektet på Øygarden lokal medisinske senter vert evaluert mot slutten av året for å sjå om ein oppnår ønskt effekt med redusert vikarbruk. Tørn-prosjektet * ved Straume bu-og servicesenter og Fjell sjukeheim skal evaluerast for å sjå på kva effekt oppgåveforskyving og ny organisering av arbeidet inneber.

Etter framlegg frå leiar Ingvild Skaar vart det vedteke eit tillegg der RFF er positive til prøveprosjektet og ser viktigheita av at det vert arbeidd målretta for å sørge for tilstrekkeleg bemanning i helse og omsorgstenesta framover. Rådet vil samstundes løfta følgjande moment inn i saka: Det er viktig for mottakarar av helse- og omsorgstenester at det er kontinuitet blant personalet, særleg når det er snakk om tenester som går inn i den personlege sfære som for eksempel stell og tenester som vert gjeve i heimen.

-  I dei faste arbeidsplanane bør det leggjast opp til at det i størst mogleg grad vert lagtopp til at brukarar har færrast mogleg ulike tilsette å forhalda seg til. Ved fråvær og omrokkering av faste planar bør det også i størst mogleg grad leggjast opp til faste vikarar. RFF føreslår difor følgjande tilleggspunkt 4: Det er et mål i dette arbeidet å redusera tal ulike personal til kvar enkelt brukar, heiter det i tilrådinga frå rådet.

* Øygarden vart i fjor teke med i KS sitt Tørn-nettverk og held fram med dette i 2024 (KS: fellesorganisasjon for kommunane). Tørn er drifta av KS, i tett samarbeid med Fagforbundet, FO, Delta, NSF og Ergoterapeutane. Gjennom deltaking i Tørn vert det jobba med å finna løysingar for berekraftig bruk og utvikling av helsefagleg kompetanse.

Saka går til endeleg behandling i leverkårsutvalet.

Ingvild Skaar er leiar i RFF. - Klikk for stort bileteIngvild Skaar er leiar i RFF.

Orienteringar

Til møtet vart det orientert om arbeidet med barnehage- og skulebruksplanen og arbeidet med arealdelen til kommuneplanen og medverknad frå råda.

I samband med orienteringane ber rådet om at det i arbeidet med barnehage- og skolestruktur vert teke med i berekninga at det er behov både for auke i talet av tilrettelagde skuleplassar/spesialavdeling og at det vert teke omsyn til at det til eksisterande spesialavdeling er svært lang køyreveg for ein stor del av innbyggjarane i kommunen. Det er også viktig at det vert sett av stort nok areal, både når det gjeld storleik på toalett og behov for skjerming, grupperom m.m.
Saka om handlingsplan for RFF vart utsett.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland og Vigleik Brekke