Tenesteskildringar på høyring

Kommunen har utarbeidd forslag til skildring av lovpålagte helse- og velferdstenester. Ei tenesteskildring er ei presis skriftleg skildring av innhaldet i ei helse- og omsorgsteneste. Innbyggjar skal kunna vita kva tenester som finst, innhald i desse og kven som kan motta dei.

Skildringane skal vera enkle å lesa og forstå. Tenesteskildringar skal bidra til ei felles forståing for kva som er kommunen sitt ansvar, og kva innbyggjar/pårørande sjølv må ta ansvar for.

Tenesteskildringane vert her lagt ut til offentleg gjennomsyn i tida 09.05.25 til og med 22.06.25.

Kunngjeringsdato: 09.05.2025
Merknadsfrist: 22.06.2025
Saksnummer: 24/11974

Dokument i saka

Saksframlegg med vedlagte dokument. 

Endeleg behandling 

Levekårsutvalet vedtek endelege tenesteskildringar i møte den 1. oktober 2025.

Merknader

Merknader/innspel kan sendast til Øygarden kommune innan 22. juni 2025. Merknaden bør vera kortfatta, presis og grunngjeven.

Eventuelle merknader og innspel kan sendast på ein av desse måtane:

Merknadsfrist er 22.06.2025.