Frå møtet med 3. klassingane frå Skålevik skule som no får undervisninga på Ulveset skule. Ståande får venstre; lærar Synnøve Haugstad Tveit, kommunalsjef Marius Sylta og kommunedirektør Johnny Breivik.Frå og med 21. januar vart delar av Skålevik skule stengd etter at det dagen før låg føre prøveresultat som viste frie asbestfibrar. Fram til sommaren får 1. og 2. trinn undervisning på Skålevik skule, 3. og 4. trinn går på Ulveset skule, medan 5. til 7. trinn får undervisning på Ågotnes skule.
Dei to kommunetoppane besøkte alle dei tre involverte skulane på tysdag. Elevane frå Skålevik har eigne klasserom og har funne seg godt til rette på Ulveset. Dei saknar sin eigen skule, men tykkjer det er spennande med nytt skulemiljø.
- Vi får høyra musikk i storefri. Eg går på fotball og kjenner nokre av elevane frå før. Vi har større klasserom. Her er hinderløype. Vi har stør gymnastikksal og vi får bruka telefonen på bussen, var nokre av kommentarane i 3. klasse.
Fjerdeklassingane har også funne nye vener.
- Eg har aldri flytta slik før. Eg var veldig nervøs, men det har gått bra etter kvart, seier ei av jentene.
42 av elevane frå Skålevik går på Ulveset skule. Dei møter opp på Skålevik skule og vert frakta i buss til Ulveset.
Elevane frå Skålevik får undervisninga i eigen klasse, men er med på ein del fellesaktivitetar med Ulveset-elevane.
- Dette har gått veldig bra. Vi har ikkje registrert konfliktar blant elevane, seier rektoren og avdelingsleiar Benedicte Algrøy.
Frå venstre; Benedicte Algrøy, Johnny Breivik, Marius Sylta og Cecile Mikkelsen Dahl.Taklar situasjon godt
På Skålevik skule møter vi rektor Lisbeth Hjelle. Med 51 elevar på 1. og 2. trinn er det rolegare i lokala no. Det er berre administrasjonsfløyen og to brakkebygg som kan nyttast.
Rektoren opplever at dei tilsette har takla den nye situasjonen bra.
- Det kom brått på, men dei tilsette har snudd seg rundt. Det var krevjande å løysa mange praktiske utfordringar. Transporten vart avklart seint om ettermiddagen dagen før elevane skulle fraktast til naboskulane. Det er gjort ein god jobb på alle skulane, seier Lisbeth Hjelle som er lukkeleg over at sjukefråværet er lågt på Skålevik skule.
Frå venstre; Marius Sylta, Johnny Breivik og Lisbeth HjelleGlede av kvarandre
På Ågotnes skule er det laga plass til 47 elevar frå Skålevik skule for 5. til 7. trinn. Rektor Tore Foldnes opplever også at overgangen har gått fint og at både lærarar og elevane har funne seg vel til rette.
- Vi ønskjer at også Skålevik-elevane skal koma inn i vår rytme. Dei har stor glede av kvarande, og lærarane frå Skålevik har fått kontorarbeidsplassar nær lærarar på same trinn, seier han.
Frå Ågotnes skule. Frå venstre; Tore Foldnes (rektor Ågotnes), Eva Kristin Kausland, Aurora Sundland, Helene Torsvik, Birte Algrøy Foldnes og Morten Snekkevik (alle lærarar på Skålevik skule). Til høgre; kommunedirektør Johnny Breivik.På Ågotnes fekk kommunedirektøren og kommunalsjefen snakka med fem lærarar frå Skålevik skule.
- Ut frå situasjonen har dette gått greitt. Nokre av elevane er litt engstelege og tykkjer det vert litt for stort. Andre synest dette er gøy, seier Helene Torsvik.
- Dette kom brått på, men vi er utruleg godt tekne imot. Vi har eit svært godt kollegialt fellesskap, og vi håpar at alle elevane frå Skålevik kan vera samla på ein plass frå hausten av, seier Eva Kristin Kausland og får full støtte frå Morten Snekkevik.
- Vi har hatt litt utfordringar med transport. Ein del av elevane på Skålevik har ikkje hatt transport til skulen fram til no, og dette er dermed nytt for dei. Vi håpar det skal gå seg til, seier Birte Algrøy Foldnes.
Kommunedirektør Johnny Breivik erkjenner at det ikkje er ideelt for Skålevik-elevane å ha undervisninga fordelt på tre skular.
- Vi må syta for å finna ei god løysing frå hausten av i første omgang. I tillegg er det viktig at vi finn ei god løysing på lang sikt, seier han.
Kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta, seier at han opplevde å møta positive og fleksible elevar og tilsette, som har takla ein krevjande situasjon på ein førebiletleg måte.
- Så er eg svært oppteken av at vi så snart som mogleg må avklara den vidare skuledrifta frå hausten av. Dette vil sikra stabilitet og at vi er føreseieleg for alle, seier han.
Tekst og foto: Vigleik Brekke