Takka for samarbeidet

Torsdag kveld var det avslutningsmarkering for avtroppande kommunestyre. Ordførar Tom Georg Indrevik takka for samarbeidet i kommunestyret og samarbeidet med administrasjonen i dei fire åra som ligg bak.
- Vi er alle politikarar, men nokre er folkevalde i tillegg, sa ordføraren og siterte Arne Rettedal.

Frå avslutningssamlinga torsdag kveld.  - Klikk for stort bileteFrå avslutningssamlinga torsdag kveld.

I talen til kommunestyret som var samla til avslutningsmarkering på Tranemare, viste ordføraren til den dramatiske situasjonen 12. mars då landet stengte ned som følgje av pandemien. Han opplevde eit godt samarbeid politisk og administrativt i den krevjande situasjonen.

-  Vi var det første kommunestyret i den nye kommunen. Trass i at tre kommunar var slått saman, hadde vi ein gjensidig tillit. Eg er imponert over korleis pandemien vart handtert. Eg er stolt over det dei 2 800 medarbeidarane gjorde for innbyggjarane, sa ordføraren som også minna om at dei første omikron-tilfella vart registrerte i Øygarden.

Respekt og tillit

Kommunedirektør Johnny Breivik takka kommunestyret for godt samarbeid og tilliten han vart vist då han vart tilsett i stillinga. Han sa at samarbeidet mellom politikarane og administrasjonen har i stor grad vore basert på gjensidig respekt og tillit.

-  Etter ein flott opningsfest gjekk vi over i eit krevjande arbeid med ulike kulturar og nedbemanning. Forskjellen mellom dei tre kommunane var kanskje større enn forventa. Kommunestyret skal vera ganske nøgd med det som er gjort. Danskane seier at det tok fem år før ein såg effekt av kommunesamanslåinga. No går vi inn i det femte året, minna han om.

Ordførar Tom Georg Indrevik leia samlinga. Til venstre; Børge Haugetun - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik leia samlinga. Til venstre; Børge Haugetun.

Varaordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF) sa at det hadde vore ein stor «fornøyelse» å verta kjend med ordføraren som laga kaffi, pugga kommunelova og var god møteleiar.- Ingenting er vanskeleg for deg. Du er flink med folk, sa Selsvold Nyborg som også takka for samarbeidet med utvalsleiarane Svein Otto Jacobsen, Andreas Kallekleiv og Jan Utkilen.

Krevjande år

Gruppeleiar i Arbeidarpartiet, Marianne Sandahl Bjorøy, sa at det hadde vore fire flotte år, men likevel krevjande år både for posisjonen og opposisjonen.

- Vi har eit mål om å vera eit fyrtårn i vest. Vi er kanskje ikkje der ennå. Eg har opplevd at posisjonen har vore lukka. Dette kan ha med kulturforskjellar å gjera. Dette er noko ein kan ta med seg inn i den komande perioden. Eg trur det vert betre etter kvart, sa Sandahl Bjorøy.

Ho gav ros til ordførar Tom Georg Indrevik.

- Du er ein blid og hyggeleg fyr som gjer ein god jobb. Ditt gode humør skapar entusiasme, sa ho og takka også Grethe Bergsvik og Beate Hetlevik i det sekretariatet for ein flott jobb. Ho understreka også at ho hadde full tillit til kommunedirektør Johnny Breivik og at ting har stabilisert seg på ein god måte. 

Einar Hadler Jacobsen i Folkets Parti FNB takka for samarbeidet på vegner av partiet. Han gratulerte dei som har fått plass i kommunestyret den komande perioden. Folkets Parti FNB fekk ikkje inn representantar i kommunestyret ved valet i år.

Vivian Steinsland gledde forsamlinga med flotte folketonar.

Her er fleire bilete:

Frå forsamlinga - Klikk for stort bilete
Frå forsamlinga - Klikk for stort bilete
Johnny Breivik - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Torill Selsvold Nyborg - Klikk for stort bilete
Einar Hadler Jacobsen - Klikk for stort bilete
Vivian Steinsland - Klikk for stort bilete
Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Mat - Klikk for stort bilete
Mat - Klikk for stort bilete

 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland