Frå venstre; Rune Golf (skulesjef i Øygarden), Jorid Saure, Synnøve Marie Sætre og Svein Olav LangåkerRundt 50 personar var samla for å få kunnskap om språkleg identitet og tryggleik i skulen og korleis ein kan bruka nynorsk som arbeidsspråk i tverrfaglege prosjekt. Det vart presentert praktiske læringsmetodar gjennom konkrete døme frå klasserommet. Det var invitert til eí samling for ungdomsskulelærar og eí samling for dei som underviser på barnetrinnet.
Øygarden er omtalt, og det med rette, som den mest folkerike nynorskkommunen i verda. I juni er Øygarden vertskap for landstinget i regi i av Landssamanslutninga av nynorskkommunar.
Ungdomsskulelærarane fekk presentert status for nynorskbruken på dei fire offentlege ungdomsskulane i Øygarden. På Sund ungdomsskule har 49 prosent av elevane nynorsk som hovudmål, medan 37 prosent av elevane på Øygarden ungdomsskule har nynorsk som hovudmål. For skulane som ligg nærast Sotrabrua er nynorskdelen vesentleg lågare.26 prosent av elevane på Tranevågen ungdomsskule har nynorsk som hovudmål. På Fjell ungdomsskule er nynorskdelen seks prosent.
Det siste året har nynorskdelen gått etter måten kraftig ned på ungdomssteget i Øygarden. Mange «glir over» frå nynorsk til bokmål i overgangen frå barnetrinnet til ungdomstrinnet.
Fagseminaret var eit samarbeid mellom Øygarden kommune, Nynorsksenteret og LNK. Skulesjef Rune Golf seier at seminaret er eit viktig bidrag for å verta meir språkmedviten kommune.
- Øygarden har ei særskilt satsing gjennom “Språkkommunen”. Vi er verdas mest folkerike nynorskkommune, og vi må ta dette på alvor. Det som skjer i skulen er avgjerande for språkutviklinga i kommunen, seier skulesjefen.
Nynorsk må vera eit bruksspråk
Jorid Saure viste til fleire vanlege motførestillingar og fordommar mot nynorsk. Det vert gjerne hevda at nynorsk er vanskelegare enn bokmål og at nynorske er eit lite språk. Elevane oppfattar det slik at nynorsken dør snart ut og at dette skriftspråket passar berre i dikt.
- Det er viktig at elevane opplever at nynorsk er eit relevant bruksspråk. Rust elevane til å ha kunnskap, forståing og respekt for mangfaldet! sa ho.
Ho viste til sju prinsipp for god nynorskopplæring:
- Eksponer elevane jamleg for nynorsk.
- Finn tekstar som skapar engasjement og tilknyting til språket.
- Skriv nynorsk ofte.
- Knyt grammatikk og tekstskaping saman.
- Utforsk språket.
- Integrer nynorsk i ulikt norskfagleg arbeid.
- Bruk nynorsk i andre fag enn norsk.
Jorid Saura snakka også om tverrfagleg samarbeid og understreka at god planlegging er nøkkelen til eit vellukka tverrfagleg samarbeid.
Frå seminaret for lærarar på ungdomstrinnet.Foreldrerolla er viktig
Ein av deltakarane på fagseminaret på torsdag var lærar på Øygarden ungdomsskule, Aud Helen Solsvik. Ho underviser på 8. trinn.
- Elevane er ikkje særleg medvitne på språk. Ikkje alle svarar tydeleg når vi spør dei kva skriftspråk dei nytta då dei gjekk i barneskulen. Foreldrerolla er viktig, seier ho.
- Kva trur du er årsaka til den merkbare nedgang i talet på nynorskbrukarar i Øygarden?
- Eg trur den massive påverknaden frå media har ein del å seia. Vi er eit innflyttarområde, og den tradisjonelle striladialekten er forsvunne blant dei unge. Elevane skal møta begge skriftspråka i ungdomsskulen, og det er viktig at elevane veit dette når dei skal velja hovudmål, seier Aud Helen Solsvik.
Aud Helen SolsvikUtfordringar for kommunar i randsona
Senterleiar på Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Synnøve Marie Sætre, snakka om korleis vi kan byggja språkleg identitet og tryggleik i skulen.
Ho viste til ein rapport om språkbyte frå 2022 utarbeidd av Språkrådet. I kjerneområde for nynorsk er det lite språkbyte. Sjølv om det er nynorsk dominans i skulen, er de bokmålsdominans i fritida.
Øygarden er i ein såkalla randsone med sterkt språkpress. Individuelle språkbyte skjer i hovudsak i overgangane mellom skuleslaga, til dømes overgangen frå barnetrinnet til ungdomstrinnet.
Glade deltakarar på seminaretI randsoneområda seier nynorskelevane at dei skriv nynorsk fordi dei må. Dei opplever at bokmål dominerer på alle arenaer og at det er berre på skulen at dei møter nynorsk. Nynorsk vert gjerne også sett på som meir komplisert enn bokmål. Bokmål dominerer i nesten alle fag og lærarane, manglar nynorsk kompetanse.
- Dette fører gjerne til at mindretalet (nynorskbrukarane) trekkjer seg mot fleirtalet. Nynorsk dominerer på skulen og bokmål i fritida. I Øygarden har nynorskbruken no gått markert ned, og difor vil vi gjerne koma til Øygarden, sa Synnøve Marie Sætre.
Dagleg leiar i LNK, Svein Olav B. Langåker orienterte om Framtida junior som han er redaktør for. Dette er ein nynorsk nettstad og ei papiravis for barn i alderen sju til 13 år og har 10 – 20 tusen brukarar i månaden. På Framtida junior kan elevane vera med på skrivekonkurransar, delta på skrivekurs, miljøjournalistkurs, bokbadarkurs og bidra med lesarbrev/dabattinnlegg. Avisa kan på ulikt vist brukast i undervisninga.
Tekst og foto: Vigleik Brekke