Suksess for samkøyring

Sidan september 2023 har Skyss i samarbeid med Miljøløftet og selskapet Nabogo testa ut eit pilotprosjekt for samkøyring i Øygarden og på Askøy. Prosjektet har så langt fått resultat langt over det ein venta på førehand.

Elin Haugsdal Kvinge ved bilen sin. - Klikk for stort bileteElin Haugsdal Kvinge nyttar seg av tilbodet om samkøyring. Vigleik Brekke

– Før start estimerte vi og Nabogo med knappe 100 samkøyringsturar i veka, fortel Kari Steinsland, avdelingsleiar for ny mobilitet i Skyss, som har ansvar for gjennomføringa av prosjektet.

Det talet har blitt mangedobla: Sidan oppstarten i september 2023 har 1762 personar lasta ned Nabogo-appen, som gjer det lett å både få eller tilby skyss med privatbil. Og gjennom appen har det fram til veke 2 i 2024 blitt gjennomført 10 132 samkøyrings turar, frå og til Askøy eller Øygarden kommunar.

Her kan du lesa heile saka på nettsida til MIljøløftet. Der kan du også lesa om Elin Haugsdal Kvinge og Marte Kahrs frå Øygarden som nyttar Nabogo.