Nyegaard representerte eí av dei 11 bedriftene som stilte opp på jobbmessa. Over hundre jobbsøkjande ville gjerne snakka med dei bedriftene som har bruk for arbeidskraft.
Tarasenko Gennady frå Krarkov i Ukraina ville gjerne ha jobb, og stilte opp i køen hjå Sotra Fiskeindustri.
- Tidlegare har eg jobba i celluloseproduksjon. No er eg klar for jobb og vil gjerne prøva noko nytt, seier Tarasenko som er 49 år gamal og bur på Rong.
Nyegaard seier at mange har teke kontakt med han i løpet av jobbmessa.
- Vi har bruk for ein del folk i tida framover. Fleire er interesserte i denne type jobb, og eg er glad eg møtte opp på jobbmessa, seier Nyegaard som er dagleg leiar i Sotra Fiskeindustri i Porsvika.
Over hundre arbeidssøkjande møtte opp på jobbmessa.
Ordførar Tom Georg Indrevik hadde nokre innleiingsord før dei jobbsøkjande kontakta bedriftene i godt speed-dating-tempo.
- Eg er svært glad for at de deltek på denne messa og at bedriftene stiller opp. Eg håpar alle finn noko å gjera. Det er ikkje sikkert det skjer på dagen, men gjerne om ei stund. Det er viktig å ha noko å gå til. Ikkje gje opp. Prøv og lær deg mest mogleg norsk! oppmoda ordføraren.
- Vi skal hjelpa til med å finna den bedrifta de har lyst å snakka med, sa Kirsten Syljeset som dei siste dagane har jobba tett mot dei bedriftene som deltok på jobbmessa.
Ei av dei som var på jakt etter jobb, var Nataliia Birka frå Ukraina.
- Eg har ikkje jobb no og er klar for å få eit arbeid. Eg kan gjerne tenkja meg å jobba med økonomi og prosjektering knytt til anleggsindustrien, seier Nataliia.
Bente Moen Borge i Vex-gruppen i samtale med Nataliia Birka.
Ho var i kontakt med Bente Moen Borg i Vex-gruppen.
- Vi går gjennom CV-en og tek kontakt etter behov, seier Moen Borg.
Jobbmessa var eit samarbeid mellom Øygarden kommune, Øygarden næringsutvikling KF, Vest Næringsråd og NAV.
- Av dei 11 bedriftene, tilbyr åtte speed-dating. Eg synest det er flott at bedriftene deltek på messa på denne måten. Dei jobbsøkjande er godt førebudde og har skrive ut CV. Dei får snakka med arbeidsgjevarane etter tur, seier prosjektleiar for flyktningmottak, Monica Pedersen.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke