Stinn brakke for å støtta Ukraina

Seks – sju hundre personar var innom dørene på Hjelteryggen skule onsdag ettermiddag for å bidra i innsamlinga til Ukraina.
- Mange treng hjelp i Ukraina, seier elevrådsrepresentantane Mia Haaland-Karlsen (7. kl.) og Ajla Murtic (5. kl.).

Mia Haaland-Karlsen (7. kl.) og Ajla Murtic (5. kl.) er med i elevrådet og leia i fellesskap underhaldninga i gymnastikksalen. - Klikk for stort bileteMia Haaland-Karlsen (7. kl.) og Ajla Murtic (5. kl.) er med i elevrådet og leia i fellesskap underhaldninga i gymnastikksalen.

Elevrådet vurderte fleire alternativ då dei gjennom eit prosjekt skulle synleggjera karaktereigenskapen engasjement.

- Vi hadde fleire forslag på lappar, og oppteljinga viste klart at dei fleste ville gje pengar til Ukraina. Det er mykje elende i Ukraina no, og mange flyktar frå heimane sine, seier Mia.

Skulen samarbeider med Den ukrainske foreining i Bergen og Hordaland. Dette sikrar at pengane går til å finansiera mat, vatn, medisinar og nødvendig utstyr.

- Det viser seg at fleire folk i Ukraina treng hjelp. Vi har følgd med på Supernytt på NRK som viser mykje om krigen i Ukraina. I morgon skal vi tilby ansiktsmaling til folk som er innom Sartor Storsenter, seier Ajla som også kan fortelja at dei har hatt ein hospitant i klassen som har vore lærar i Ukraina.

Elevane fekk fram flott stemning blant dei mange i salen - Klikk for stort bileteElevane fekk fram flott stemning blant dei mange i salen.

Noko som er større enn oss sjølv

Det var Mia som ønskte dei mange frammøtte velkomen til aksjonsdag på Hjelteryggen skule.

- Vi har jobba med karakterstyrkar, og det arbeidet vi har lagt ned i dette prosjektet er noko vi har valt å gjera ut frå karakterstyrken engasjement. Vi ville engasjera oss i noko som er større enn oss sjølv, sa ho før dei frammøtte fekk variert og god underhaldning frå elevane i ein heil time.

Varaordførar Torill Selsvold Nyborg takka alle dei engasjerte elevane for initiativet.

- På denne måten lærer vi alle masse om Ukraina, den grufulle krigen dei opplever og korleis folk har takla den vanskelege situasjonen dei har kome i. I praksis er dette prosjektet nestekjærleik og solidaritet med eit folk som har det frykteleg vanskeleg, sa varaordføraren som viste til at kommunen har busett over 200 flyktningar frå Ukraina i 2022 og så langt i år.

Varaordførar Torill Selsvold Nyborg roste elevane for initiativet. - Klikk for stort bileteVaraordførar Torill Selsvold Nyborg roste elevane for initiativet.

I eitt av innslaga synleggjorde elevane karakterstyrken engasjement ved å samla boss i naturen.

- Hvis vi kaster boss og plast i havet, kan fiskene og hvalene spise det, og de kan dø. La dyrene få leve, la fuglene få leve, la fiskene få leve og la menneskene få leve. Plukk opp bosset, proklamerte elevane.

Rektor Siri Håland var tydeleg stolt over engasjementet og innsatsen frå elevane i dette prosjektet. Ho takka også elevrådet for å ha stått i bresjen for innsamlingsaksjonen.

- Ein av karakterstyrkane vi har arbeidd med er engasjement. Det er nyttig for læring og sosial kompetanse, sa rektoren.

- Vi vil takka FAU for bidraget til denne kvelden. Takk også til bedrifter som har sponsa oss med gevinstar. Det er frivillig å donera pengar her i dag, og ingen sjekkar betalingar, understreka Ajla før folk kunne kjøpa lodd, kjøpa kaker, kaffi, saft og ta ein prat med naboen.

Her er fleire bilete:

Rektor Siri Håland - Klikk for stort bilete
Elevårdet saman med lærarkontakt for elevrådet, Henriette Golten Valen (til venstre) og rektor Siri Håland (til høgre). - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Tekst og bilete: Vigleik Brekke