Stengjer Kollsnesvegen

I samband med ei heimevernøving, vert Kollsnesvegen stengt ved Sundet mellom Skogsøyna og Breivik.

Raudt kryss viser kvar vegen vert stengt - Klikk for stort bileteRaudt kryss viser kvar vegen vert stengt. Utsnitt frå Open Street Map

Kollsnesvegen vert stengt like før vegen kryssar med Breivikvegen ved Sundet. Vegen vert stengt i perioden laurdag 21. oktober klokka 12.00 til tysdag 24. oktober klokka 15.00. 

Det er mogleg å køyra om via Breivikvegen.