Stengjer det eine løpet i Damsgårdstunnelen
Damsgårdstunnelen vert stengt i retning Bergen sentrum frå fredag 30. august klokka 19.00. Statens vegvesen gjer merksam på at dette fører til store trafikale utfordringar komande helg.
Vegbanen like ved opninga av Damsgårdstunnelen på vestsida skal gravast opp og å leggja ned røyr og leidningar.
Statens vegvesen
Det skal leggjast ned røyr og leidningar som kryssar vegbanen, og difor må ein grava over vegen på vestsida av Damsgårdstunnelen.
- For å koma oss vidare i arbeidet, vert vi diverre nøydd til å stengja det eine løpet komande helg, seier byggjeleiar Lennart Strøm i Statens vegvesen i ei pressemelding.
Tunnelen stengjer fredag 30. august klokka 19.00 og opnar igjen måndag 2. september klokka 05.30. Statens vegvesen oppmodar folk til å avgrensa køyring denne helga. Det er omkøyringsveg via Knappetunnelen. Då kan ein ta mot Straumeveien (Krambua) og vidare ned Fjøsangerveien (E39) for å koma til sentrum og vidare nordover.
Dei som vel å køyra inn mot tunnelen og alternative omkøyringsvegar, vil hamna i lange køar.
Oppgraderinga av tunnelen skal vera fullført innen hausten 2025.
Publisert 29.08.2024 09.03