Stengjer delar av Skålevik skule

I dag (20. januar) vart kommunen gjort kjent med prøveresultat som viser frie asbestfibrar på Skålevik skule. På bakgrunn av dette vert størstedelen av skulen stengd for bruk frå og med tysdag 21. januar. 

Skålevik skule - Klikk for stort bileteSkålevik skule

Elevane skal møta opp på skulen etter nærare beskjed frå rektor. Dei føresette har fått melding om situasjonen og korleis leiinga på skulen følgjer opp elevane og dei tilsette.

Det er gymnastikksalen og undervisningsdelen som vert stengd. Brakkedelen som rommar administrasjon, SFO-basen, mat og helse-rom og eitt ordinært klasserom, vert ikkje stengd.

Det er no registrert frie asbestfibrar i gymnastikksalen og tre tilstøytande område/rom til gymnastikksalen. Dette er eit vindfang, utstyrsrom og eit grupperom.

Assisterande kommuneoverlege, Bjørg Møllerløkken, har på grunnlag av prøveresultata avgjort at heile skulen, med unnatak av brakkedelen, vert stengd frå og med tysdag.

- Det er i dette tilfelle snakk om ei mogleg låg eksponering av asbest, og helserisikoen er rekna som liten. Det er også  teke prøvar i undervisningsdelen i bygget, og der var det ingen funn av frie asbestfibrar. Det skal likevel ikkje førekoma frie asbestfibrar innandørs, og vi gjer dette som eit føre-var-tiltak. Det er ikkje teke prøve i alle rom, og ein stengjer difor heile bygget til ei fullstendig kartlegging ligg føre, seier Møllerløkken

Når resultatet ligg føre, vert det avgjort om heile eller ein større del av skulen igjen kan takast i bruk.

Alternative undervisningslokale for elevane

Ein konsekvens av at store delar av skulen vert stengt for bruk frå og med tysdag, er at kommunen må få på plass erstatningslokale. Tysdag 21. januar møter elevane opp etter melding frå rektor. 

Kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta, opplyser at det vert jobba med å finna alternative undervisningslokale for elevane.

- Det er mogleg at nokre av elevane kan få undervisning i brakkedelen av skulen som ikkje vert stengd. I løpet av tysdag vert det avklart kvar elevane skal få undervisning frå og med onsdag.

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at ved slike prøveresultat, må lokala stengjast for bruk inntil vidare.

- Eg er trygg på at kommuneleiinga og kommunalsjefområdet Oppvekst handterer dette på ein grundig måte til beste for elevane, dei tilsette og foreldra, seier ordføraren.
 


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Øygarden kommune