Statsrådbesøk på landstinget for nynorskkommunane

- Eg har merka meg debatten om læringsressursar. Det sa kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik på landstinget i LNK Nynorskkommunane i Sogndal på fredag.

Kommunal- og diskriktsminister Sigbjørn Gjelsvik - Klikk for stort bileteKommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Bakgrunnen for dette er debatten knytt til opplæringslova som vart vedteken i Stortinget 2. juni. Målrørsla og ei rekkje organisasjonar har kravd at digitale læringsressursar også skal vera tilgjengelege på nynorsk. Vedtaket i Stortinget inneber at det ikkje vart gjennomslag for det kravet.

I helsinga til landstinget sa Gjelsvik at regjeringa har eit klart mål om å leggja til rette for nynorsken i ulike samanhengar. Han gav ros til målsaka som har vore prega av sterke personlegdomar og sterke organisasjonar for å ha kome dit ein er i dag.

- De har vore ein del av dette, sa statsråden som meinte at det er nødvendig å auka den nynorske kompetansen i staten.

Sjølv vekslar han mellom å skriva nynorsk og bokmål. Ifølge kommunal- og distriktsministeren er dei 71 dei siste 101 pressemeldingane frå departementet hans  skrivne på nynorsk.

Debatt om språkpolitikk i kommunane. Frå venstre; dagleg leiar i LNK Svein Olav B. Langåker, kommunikasjonsrådgjevar i Vestland fylke Birthe Johanne Fredheim Finstad, konservator i Nynorsk kultursentrum Fredrik Hope og leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge. - Klikk for stort bileteDebatt om språkpolitikk i kommunane. Frå venstre; dagleg leiar i LNK Svein Olav B. Langåker, kommunikasjonsrådgjevar i Vestland fylke Birthe Johanne Fredheim Finstad, konservator i Nynorsk kultursentrum Fredrik Hope og leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge.

Kartlegging av språkbruksplanar

Konservator i Nynorsk kultursentrum, Fredrik Hope, orienterte om ei kartlegging av språkbruksplanar og nynorskpolitikk i kommunane. 90 nynorskkommunar og 27 språknøytrale kommunar var med i kartlegginga. 32 prosent av kommunane har utarbeidd språkpolitisk dokument. Øygarden er ein av desse. Språkbruksplanen til Øygarden kommune vart vedteken av kommunestyret i november 2019.

Reagerer på språkpraksis i staten

Berre ein firedel av nynorskkommunane opplever at staten ikkje følgjer opp språklova som frå 1. januar 2022 erstatta den gamle mållova.

Ei undersøking gjennomført av LNK og Nynorsk kultursentrum viser at berre ei færraste nynorskkommunane opplever at staten følgjer språklova slik dei skal. Berre tre av 58 nynrsokkomunar svarte at statlege organ har vorte flinkare å kommunisera på nynorsk med nynorskommunane. Tidlegare Fjell kommune gjennomførte to undersøkingar som viste at staten braut dåverande mållov og var langt unna lovkrava. 

– Dette er svært alvorlege tal. Me veit at nokre statlege organ jobbar godt med å følgja språklova, men dessverre er det alt for mange som sviktar med å halda seg til norsk lov, seier dagleg leiar i LNK, Svein Olav B. Langåker.
Les meir her.

Val

Ordførar i Alver, Sara Hamre Sekkingstad, er leiar i styret i LNK. Ho var ikkje på val og held fram som leiar til 2025. Som nestleiar vart vald Nils Johan Svalastog Garnes frå Vinje, medan Marie-Helene Hollevik Brandsdal frå Årdal og Øyvind Strømmen frå Samnanger vart valde inn som styremedlemer. Halvor Lilleslett frå Gol var ikkje på val og held fram i styret til 2025.

Landstinget i LNK vert halde annakvart år.

Hovudtemaa på landstinget var robotar og språkteknologi, korleis kan kommunane nå dei unge, identitetsskapande merkevarebygging, og nynorskpolitikk og språkbruksplanar i kommunane.


Tekst og foto: Vigleik Brekke