Startar arbeidet ved Brattholmen skule

Måndag 6. mai var det markering ved Brattholmen skule for oppstart av utbetringa av uteområdet og ny gangveg til Nygårdshøgda. 

Alle elevane på skuleplassen - Klikk for stort bileteAlle elevane var samla for å markera oppstart på arbeidet.

Elevane stilte opp i «haugen» og song 17. mai potpurri. Ordførar Tom Georg Indrevik heia på prosjektet saman med prosjektleiar i kommunen Andreas Kårbø og Are Mjøs frå Sartor Drange. Kristian Persson, nestleiar i elevrådet, deltok og. Han ser fram til elevane får eit betre uteområde. 

Det heile vart avslutta med å fella eit tre og at alle elevane og dei tilsette fekk is og bollar av Sartor Drange. Vi ser fram ny og betre skuleveg og nytt skuleområde for elevane. Målet er at prosjektet skal vera ferdig til skulestart i august 2024.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


Tekst: Ingvill Blom, rektor
Foto: Kjell Andersland