Startar arbeidet med barnehage- og skulebruksplan

Etter ein lengre debatt, vedtok kommunestyret onsdag at det skal utarbeidast barnehage- og skulebruksplanar som skal innehalda forslag til framtidig struktur for barnehage og skule i Øygarden kommune. Planane skal ferdigstillast innan sommaren 2024. 

Frå kommunestyremøtet 20. desember. - Klikk for stort bileteFrå kommunestyremøtet 20. desember.

Forslaget vart fremja av Frp, Høgre, KrF, Sotralista-TVØ og Venstre og vart vedteke samrøystes.

Vedtaket inneber vidare at det vert sett ned eit tverrpolitisk arbeidsutval som består av dei faste representantane i levekårsutvalet (LKU) med tillegg av ein fast kommunestyrerepresentant frå kvart av partia som er representerte i kommunestyret, men som ikkje er representert i LKU, samt to tillitsvalde som representerer fagforeiningane. 
 

I tillegg til dei faste representantane i LKU og to tillitsvalde skal Nils Bjarte Sæle (Raudt) Jonas Foldnes (SV), Andreas Ormevik (MDG), Karin Bjærum, Pensjonistpartiet og Elizabeth Toft Erichsen vera med i arbeidsutvalet.

Utvalsleiar for LKU (Ernst Einarsen) vert leiar av utvalet. Møta vert haldne i samband med dei ordinære møta i LKU i den grad det er tilstrekkeleg for framdrifta. Utvalet skal bidra til at saka vert godt utgreidd, men utvalet skal ikkje sjølv gjera vedtak i saka. LKU er politisk styringsgruppe for prosessen.

Vil leggja om til heildøgnsplassar 

Kommunestyret vedtok at omlegginga frå omsorgsbustader til heildøgnsplassar på Straume bu- og servicesenter skal starta opp snarast råd. Etter planen er det 28 plassar som skal verta heildøgns omsorgsplassar. I saka hadde kommunedirektøren gått inn for at arbeidet med omlegginga skulle startast opp i 2025. I drøftinga i formannskapet var det fleire som tok til orde for at arbeidet burde startast opp tidlegare. Etter eit gruppemøte føreslo Høgre, Frp, Sotralista-TVØ og KrF at arbeidet med omlegging skulle startast opp snarast råd. Dette punktet vart samrøystes tilrådd. 

I vedtaket heiter det i punkt to at i den samanhengen vert det budsjettert med to millionar kroner for neste år til oppretting av ei nattevaktordning samt til å styrkja bemanninga på dag eller kveld slik det går fram av saka. Punkt to vart vedteke med 29 mot 16 røyster (mindretal Ap, SV, Sp, MDG, Raudt og Industri- og næringspartiet (INP)).

Oppgraderer Grønamyrvegen

Det vart vedteke å starta arbeidet med utbetring av Grønamyrvegen innanfor eit budsjett på 70,4 millionar kroner. Utbygginga vert finansiert med midlar frå Miljøløftet og momskompensasjon. 

Denne oppgraderinga er ei del av reguleringsplanen for Straume sentrum. Kommunedirektøren skriv i utgreiinga at utbygginga vil gje eit stort løft til regionsenteret på Straume ved at ein får gjort om ei anonym bakgate til ei framtidsretta miljøgate som innbyr til aktivitet. 

Godkjente planprogram for områderegulering for Energiparken Sør G

Kommunestyret godkjente planprogram for områderegulering for Energiparken sør G vert vedteken. Ved endeleg vedtak vil planen overstyra seks andre detaljreguleringsplanar.

Planområdet er på om lag 1 600 dekar, inklusive bufferområde. Energiparken i Øygarden er, og skal, utvikla seg vidare som eit senter for grøn industrietablering. Energiparken i Øygarden er lokalitet for dei næringane som skal være drivarar innan den grøne omstillinga i Noreg. Planarbeidet skal leggja til rette for storskala industrietablering i Energiparken sør.

Etablerer ressurshus for barn og unge

Det vart vedteke å starta eit forprosjekt for ressurshus for barn og unge. Forprosjektet skal gjera greie for lokalisering, økonomiske konsekvensar og fagleg innhald i ressurshuset.

I vedtaket vert det vist til at kommunestyret vedtok i revidert budsjett for 2023 at det innan utgangen av året vert fremja ei sak med eit driftskonsept med formål om å etablera ein omsorgsinstitusjon innan barnevernet for å redusere kjøp av statlege institusjonsplassar. Det vert til revidert budsjett (2024) fremja sak om oppstart av omsorgsplassar for barnevernet i løpet av hausten 2024. Plassane skal delfinansierast ved innsparing ved kjøp av statlege institusjonsplassar. Det vert sett av fem millionar kroner i budsjettet for 2024 til formålet.

Det vert søkt om statleg medfinansiering for oppretting av ein kommunal omsorgsinstitusjon innan barnevernet.
Eit mindretal på 12 representantar (Ap, Sp, MDG og Raudt) røysta for kommunedirektøren sitt framlegg om at det vert etablert eit forprosjekt som skissert i saka. Forprosjektet skal gjera greie for lokalisering, økonomiske konsekvensar og fagleg innhald i ressurshuset. Kommunestyret vedtek at det skal vere eit mål å kunne tilby tenester i ressurshuset frå 1. januar 2025.

Løyvde pengar til aksjonssenteret

Kommunestyret vedtok å løyva eín million kroner til døgndrift av aksjonssenteret på Øygarden lokalmedisinske senter på Straume. I vedtaket vert det vist til at kommunestyret vedtok i 2021 ein opptrappingsplan for aksjonssenteret på Øygarden lokalmedisinske senter. Dette har ikkje blitt følgd opp, og det er heller ikkje sett av midlar i budsjett og økonomiplan 2024 – 2027 til vidare opptrapping av aksjonssenteret. 

- Det har vore ein klar intensjon at det skal vera døgndrift i 2024, heiter det i vedtaket.

Punktet om å løyva eín million kroner til aksjonssenteret vart vedteke med 29 mot 16 røyster (Ap, SV, Sp, MDG, Raudt og Industri- og næringspartiet (INP).

I dag er aksjonssenteret ope mellom klokka 08.00 og 15.00 på kvardagar. Frå juli 2023 har det vore to tilsette rådgjevarar som har teke hand om innbyggjarar som har teke kontakt. Det er venta at nærare 500 personar har teke og vil ta kontakt med aksjonssenteret i løpet av 2023. 

Godtgjersle til folkevalde

Med 29 mot 16 røyster(Ap, Sp, SV, MDG, INP og Raudt) vedtok kommunestyret revidert forskrift for godtgjersle og velferdsgode for folkevalde. Vedtaket inneber mellom anna at varaordførarvervet er i hundre prosent. Her kan du lesa framlegget som vart vedteke. (PDF, 102 kB)

Mindretalet røysta for tilrådinga frå kommunedirektøren.

Aukar løyvinga til MOT

Kommunestyret tok status 2023 og årsplan for 2024 for MOT til orientering. Det vart vedteke at tilskot i 2024 til «MOT-krydder» vert auka frå 30 tusen til 50 tusen kroner for kvar skule. Dersom kommuneleiinga vel å bruka MOT som verktøy, skal løyvinga til MOT-krydder koma som tillegg til midlane som er retta mot MOT-ordninga for barn og unge.

Kommunedirektøren vert beden om å orientera LKU skriftleg om korleis arbeidet med MOT i skulane eventuelt har ført til redusert diskriminering, stigmatisering, mobbing, fiendtlege haldningar, og anna negativ åtferd ved dei ulike skulane våre.

I vedtaket heiter det også at ein ber om at kommunedirektøren å vurdera å knyta ansvaret og gjennomføringa av MOT-arbeidet mot kommunalsjefområde Oppvekst for å sikra ei best mogeleg samordning mot skulane og det spesifikke arbeidet mot mobbing i det felles mobbeprogrammet.

I samband med saka om MOT, vart det gjennomført ei MOT-økt der 10 kommunestyrerepresentantar deltok. - Klikk for stort bileteI samband med saka om MOT, vart det gjennomført ei MOT-økt der 10 kommunestyrerepresentantar deltok.

Startar arbeidet med arealdelen til kommuneplanen

Det vart vedteke å starta arbeidet med arealdelen til kommuneplanen og at dette skjer gjennom eit strategisk planprogram. Etter planen skal arealdelen vera endeleg vedteken våren 2027.

Det strategiske planprogrammet skal ta for seg rammene for planarbeidet og prinsipp for arealpolitikken. Framdriftsplanen med mål om vedtak av arealdelen til kommuneplanen innan sommaren 2027 skal leggjast til grunn for arbeidet. 

Etablerer parkeringsplass knytt til Pyttane

Kommunestyret vedtok at kommunen skal kjøpa grunn og etablera parkeringsplass ved Pyttane innanfor ei kostnadsramme på totalt 2,7 millionar kroner. For å finansiera prosjektet skal ein omprioritera 2,7 millionar kroner frå teknisk servicebygg til parkeringsplass ved Pyttane. 

Pyttane er eit populært turmål, men det er ikkje lagt til rette for parkering på Ekrhovda. Det er aktuelt å etablera parkeringsplassen på riggplassen for eit område tiltenkt eit prosjekt med ny vassforsyning. Parkeringsplassen kan vera klar til bruk i mai 2024. 

Godkjente tilleggsavtale med Solsio Utivikling AS

Kommunestyret godkjente tilleggsavtale med Solsio Utvikling AS. 

Solsio Utvikling AS har i eksisterande avtale forplikta seg til å gjennomføra ei rekkje tiltak for kommunen. Kostnadene selskapet har hatt med dette er vesentleg større enn kontantbidraget dei skal betala for dei byggetrinna som er sett i gang. Samstundes har marknaden endra seg og byggjekostnadene og byggjekostnadene og renta har auka. Det er på bakgrunn av dette at kommunedirektøren har innstilt på å gje Solsio Utvikling AS eit mellomoppgjer for dei betalte kostnadene. 

Skal delta i pilot for nærtenestesenter

Kommunestyret vedtok at Øygarden kommune skal søkja om at dei tre innbyggartorga og biblioteka deltek i ein pilot for nærtenester i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Kommuneadministrasjonen utformar og sender søknaden innan 31. desember. 

- Ved å delta i denne piloten kan Øygarden ta ei aktiv rolle med å tilby eit betre tilbod for innbyggjarane våre som treng kontakt med statlege etatar som til dømes NAV, Husbanken og Skatteetaten. Ei deltaking i denne piloten vil støtta arbeidet med innovasjon av offentlege velferdsløysingar i Øygarden, skriv kommunedirektøren i saksutgreiinga.

Ønskjer gamal tunnel som gang- og sykkelveg

Kommunestyret ber administrasjonen gå i dialog med Statens vegvesen om mogleg etterbruk av Gamle Kolltveittunnelen. Kommunestyret ynskjer at Kolltveit tunnelen skal nyttast som gang- og sykkelveg etter at den har vorte stengd for biltrafikk. Dette vil letta ferdselen frå, og binda Bildøyna/Straume tettare saman med friområda vest for Kolltveit tunnelen.

Det vart gjennomført fleire val på kommunestyremøtet

Ungdommens kommunestyre (2023 – 2025)

Namnet vert endra til ungdomsrådet. Politisk kontaktperson vert Anita Garlid Johannessen. Desse vart valde som faste medlemer: Susanne Thorsen Berg, Konrad Ørn, Alva Bertine Kilvik, Karoline Solbakk, Helene Fjeldsaune Sæle, Aksel Kalgraff Håkonsund, Leon Tobias Stokke, Helene Glesnes, Eivind Økland, Trym Elias Lie og Rebekka Kvål. I tillegg kjem varamedlemer.

Eldrerådet (2023-2027)

Faste medlemer: Egil Haaland (Pensjonistforbundet), Elna Nybakk (Pensjonistforbundet), Kjell Alvheim (Pensjonistforbundet), Kari Johnsen (Pensjonistforbundet), Johnny Eide (LOP- Landsforbundet for offentlege pensjonistar), Berit Anita Knudtsen Larsen (Senior-Høgre), Linda Hellesund (FrP), Gunn Glimsdal (Ap) og Jan Utkilen (SL-TVØ). I tillegg kjem varamedlemer.

Råd for personar med funksjonsnedsetjing (2023-2027)

Faste medlemer: Lisbeth Hjortland (FFO),  Morten Ulvedal Nilsen (FFO), Rune Kobbeltvedt (FFO), Anne Hilde Flindt  (FFO), Stine Waagsbø Lillebø (Løvemammane), Christel Borge Bersaas-Nesse (SAFO), Christian Daae Hansen (FRP),  Renate Toft (H) og Ingvild Skaar (Ap). I tillegg kjem varamedlemer.

Øygarden bustadforvaltning (2023-2027) 

Faste medlemer: Trygve Andreas Wåge (leiar), Egil Haaland (nestleiar), Hege Renathe Glesnes, Nils Kåre Skoge og Torill Selsvold Nyborg. I tillegg kjem varamedlemer.

Øygarden næringsutvikling KF (2023-2027)

Kurt Andreassen (leiar), Anne-Sissel Fjæreide (nestleiar), May Britt Hevrøy, Nils Kåre Skoge og Tove Ormevik. I tillegg kjem personlege varamedlemer. Styret sit fram til selskapet venteleg er avvikla.

Representantar til styret i Naturgassparken AS for perioden 2024.2027

Faste medlemer: Eilert Hellesøy (KrF - styreleiar) og Merete Rong Sløveren (H). Det vart også vald vararepresentantar.

Utsette tre saker

Det vart vedteke å utsetja saka om Framtidssamfunnet, saka om partnarskapsavtale med Vest Næringsråd og saka «Øygarden 2040 – langsiktig driftsanalyse og investeringsplan». Tema knytt til desse sakene vert drøfta under folkevaldopplæringa i midten av januar. Det vert teke sikte på at sakene kjem til endeleg behandling i kommunestyret i februar. 

Vidarefører og vidareutviklar aktivitetskort og fritidskassa

Kommunestyret vedtok at ordninga med aktivitetskort og fritidskassa vert vidareført og vidareutvikla for å førebyggja utanforskap og fattigdom blant barn og unge. 

Tre forslag (frå MDG, SV og Raudt) vart ikkje realitetsbehandla, men følgjer saka vidare.

Andre saker

•    Kommunestyret vedtok Renovasjonsteknisk norm slik han låg føre som vedlegg til saka.

•    Kommunestyret vedtok at ordninga med aktivitetskort og fritidskassa vert vidareført og vidareutvikla for å førebyggja utanforskap og fattigdom blant barn og unge. Tre forslag (frå MDG, SV og Raudt) vart ikkje realitetsbehandla, men følgjer saka vidare.
 

Her kan du lesa saksdokumenta til møtet. Møtebok vert klar om kort tid.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke