Stadfestar vedtak om Bildetangen

Statsforvaltaren i Rogaland stadfestar kommunestyrevedtaket i Øygarden om områderegulering for Bildetangen på Bildøyna. Klager frå to organisasjonar og fleire bebuarar er ikkje tekne til følgje.

Planområdet på 410 dekar legg til rette for om lag tre tusen fem hundre bustader og inntil hundre tusen kvadratmeter nytt næringsareal.

- Dette er ei historisk avgjerd og set oss i stand til å byggja vidare mot å skapa det mest attraktive regionssenteret i Skandinavia, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Statsforvaltaren i Rogaland har vore setjestatsforvaltar for avgjera klagesaka.

Planen var til behandling i utval for plan i juni 2023, men då låg det føre motsegn frå mellom anna Statsforvaltaren. Utvalet vedtok å gå til mekling før endeleg behandling i kommunestyret. I meklinga kom ein til semje for alle motsegnene. Kommunestyret vedtok så reguleringsplanen 22. februar 2024.

Vedtaket vart klaga av Naturvernforbundet i Øygarden, Forum for natur og friluftsliv og fleire bebuarar. Naturvernforbundet viser i sin klage til at nedbygging av eit stort område med urørt natur er i strid med formålet i plan- og bygningslov om å fremja berekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar. Organisasjonen etterlyser også klimabudsjett i planen.

Flyfoto av Bildøyna

Statsforvaltaren vurderer det slik at det ved behandlinga av planen er det gjort ei tilstrekkeleg vurdering av fordeler og ulemper. Statsforvaltaren har ikkje vesentlege merknader til kommunen si lovforståing og skjønn og stadfestar vedtaket til Øygarden kommune. 

- Innhaldet i reguleringsplanar er i stor grad opp til kommunens frie skjøn. Statsforvaltaren har ved avgjerda lagt stor vekt på omsynet til det kommunale sjølvstyret ved utøving av det frie forvaltningsskjønnet, står det i brevet som kom til kommunen like før helga.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto/skisse: Liegruppen