Sprenging ved Kipleskaret natt til 26. september

I samband med arbeidet med gang- og sykkeltunnel ved Kipleskaret, vert det sprenging onsdag 25. september. 

Ved Alvøveien, langs riksveg. 555, vert det bygd fundament til gang- og sykkelveg. - Klikk for stort bileteVed Alvøveien, langs riksveg. 555, vert det bygd fundament til gang- og sykkelveg. Sotra Link

Sprengninga vert utført i tidsrommet mellom klokka 23.00 og midnatt. Arbeidet i samband med sprenginga er sett til onsdag 25. september klokka 21.00 – 06.00 (26. september). 

I arbeidstimane om natta vert Kipletunnelen stengt for trafikk for å oppretthalda tryggleik i området. Avhengig av påfølgande arbeid etter sprenging, kan tunnelen verta opna tidlegare.

Stenging ved Alvøveien 21. september

Laurdag 21. september vert det stengt frå krysset Alvøveien/Godviksvingene til om lag 100 meter sørover i Alvøveien (under riksveg 555) i samband med støyping av dekke til ny gangbru. Stenginga vil vara frå om lag klokka 07.00 til 01.00.