Språkreise: - Vi var velkomne!

I januar reiste 37 elevar og fire lærarar på Fjell undomsskule til Rouen/Sotteville-lés-Rouen i Frankrike for å koma endå tettare på den franske kulturen.
- Det var lærerikt å sjå korleis andre har det, seier Vilde Sørensen (10F). I sist veke fekk ordførar Tom Georg Indrevik høyra korleis elevane opplevde turen.

Lærar Trude Bergitte Kårstad og ordførar Tom Georg Indrevik saman med elevar som har våre på tur til Frankrike. - Klikk for stort bileteLærar Trude Bergitte Brovold Kårstad og ordførar Tom Georg Indrevik saman med elevar som har vore på tur til Frankrike.

Vilde Sørensen og Anniken Olsen (10C) er mellom dei som har fransk på ungdomsskulen. Dei 37 elevane representerer fleire klassar på 9. og 10. trinn.

- Vi vart tekne godt imot. Elevane der har stort sett mørkt hår, og fleire elevar ville gjerne ta på det lyse håret mitt, seier Anniken og ler.

For fem år sidan var det også ein liknande tur for franskelevar på Fjell ungdomsskule. Lærar Trude Bergitte Brovold Kårstad opplyser at turen er finansiert med Trollmidar frå DIKU (fem tusen kroner pr. elev). Samarbeidsskulane denne gongen var Collège Emile Zola og Lycées Marcel Sembat.

- Elevane vart formelt ønskte velkomen av representantar frå kommunen og fekk utdelt ein velkomstpakke. Dei aller fleste elevane budde privat hjå vertsfamiliar, stort sett eín og eín. Vi besøkte mellom anna Notre-Dame i Rouen og ein amerikansk gravplass i Normandie til minne om D-dagen under den andre verdskrigen, seier Kårstad.

Kulturforskjellar

Det var spennande for elevane å møta den franske kulturen. Dei opplevde mellom anna at det er større forskjell på rik og fattig i Frankrike enn i Noreg.

- Foreldra var redde for barna sine og let dei ikkje gå så fritt om kveldane som vi kan gjera her heime. Vi måtte vera presise til måltida, og vi hadde inntrykk av at familien var mykje i lag og brukte god tid saman i måltida, seier Vilde.

Det var ikkje så lett å kommunisera på fransk. Dei franske elevane snakka fort, og det vart gjerne til at ein snakka ein del engelsk saman.

- Vi var overraska over at dei franske elevane snakka ganske dårleg engelsk. Sjølv var dei overraska over at vi kunne snakka fransk, seier Anniken.

Anniken Olsen og Vilde Sørensen opplevde det som lærerikt å møta den franske kulturen - Klikk for stort bileteAnniken Olsen og Vilde Sørensen opplevde det som lærerikt å verta kjend med den franske kulturen.

Ordførarbesøk

Då ordføraren i sist veke møtte rundt 20 av dei elevane som var med på turen, ville han gjerne vita korleis dei opplevde å møta den franske kulturen og skulekvardagen.

- Skuledagen er lengre og varer fram mot klokka 17.30. Dei har det ganske slitsamt på skulen og har lite fritid. Det var svært variert storleik og standard i dei heimane vi var innkvarterte i. Folk var meir bevisste på å spara straum og dei minna om at vi måtte slå av lyset då vi forlét rommet. Vi har det bra her heime med god løn og har råd til mange ting, var nokre av svara ordføraren fekk frå elevane.

Elevane måtte loggføra og skriva rapport om det som skjedde på språkturen, kva dei likte og kva dei ikkje likte, læringsutbytte og forventning til neste dag.

- Franskelevane våre kjem frå ulike klassar og det er viktig at vi som har fransk kan kjenna på eit fellesskap på ein tur som dette. Eksempelvis var det kjekt å ha ein felles lunsj berre for oss frå Fjell ungdomskule, seier Kårstad.

Ordførar Tom Georg Indrevik viste til at Øygarden kommune har venskapssamarbeid med Krosno i Polen, Scallaway på Shetland og byen Marl i Tyskland.

- Det er kjempeflott at de reiser på ein tur som dette. Studér gjerne i utlandet, oppfordrar ordføraren.


Tekst og foto: Vigleik Brekke