Sluttar som leiar i Øygarden næringsutvikling

Hanne Misje Lokøy har sagt opp stillinga som konstituert dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling KF. I mai skal ho ta til som leiar av marknads- og kommunikasjonsarbeidet i Coast Center Base (CCB).
- Eg ser fram til å samarbeida med kommunen gjennom fleire av aktivitetane i CCB, seier ho.

Hanne Misje Lokøy - Klikk for stort bileteHanne Misje Lokøy

Hanne Misje Lokøy tok til i Øygarden næringsutvikling i mars 2021. Det siste halvanna året har ho vore konstituert dagleg leiar i føretaket- Tida mi i føretaket har vore svært spennande. Ingen dagar har vore like, men dei har stort sett vore travle. Eg vil ta med meg mykje av det eg har lært i Øygarden næringsutvikling i den nye jobben, seier Misje Lokøy.

Ho har sidan 2021 arbeidd tett på etablert næringsliv og møtt mange med framtidige næringsinteresser i kommunen. 

- Både næringslivet og Øygarden kommune har vore «framoverlent» og open for omstilling. Det har gjort jobben spennande, og eg har gjennom denne jobben hatt kontakt med og hatt besøk av næringsinteresser frå inn- og utland, seier ho.

Tett på næringslivet og forskingsmiljøa

Øygarden næringsutvikling KF spelte ei sentral rolle overfor næringslivet under pandemien. Føretaket delte ut om lag 30 millionar kroner til næringslivet i krisemidlar og var tett på i utarbeidinga av skisse til næringsstrategi og samfunnsplanen.

- Eg har prøvd å gripa moglegheitene og synleggjera potensialet i Øygarden og kopla næringsinteressene saman. Via selskapet har vi jobba saman med forskings- og utviklingsmiljø i Bergen for å få fram kva vi treng av dagens og morgondagens kompetanse. Det er gjennomført fleire prosjekt og studiar knytt til det grøne skiftet der Øygarden har fleire fortrinn og er anerkjent for å liggja langt framme, seier Misje Lokøy.

I tillegg til å jobba tett med ordføraren, ulike einingar i kommunen og Vest Næringsråd, har ho følgd opp partnarskapsavtalar knytt til GCE Ocean Technologies , Etablerarsenteret og Invest in Bergen. 

Her er Hanne Misje Lokøy på OTD-messa i 2022. Til høgre; Morten Hovland Sande, Norsk Gjenvinning.  - Klikk for stort bileteHer er Hanne Misje Lokøy på OTD-messa i 2022. Til høgre; Morten Hovland Sande, Norsk Gjenvinning.

Framtidssamfunnet

Hanne Misje Lokøy trur Øygarden har alle føresetnader for å lukkast med veksten og utviklinga ein ser for seg framover. Ho seier at med den innovative og framtidstenkjande etableringa av Framtidssamfunnet, med formål om å knyta kommunen endå tettare på både næringslivet, forskinga og frivilligheita, har ein noko heilt unikt på gang. 

- For å oppretthalda den velferda vi har i landet, er det viktig at vi finn nye flater for samarbeid framover. Framtidssamfunnet er ei spennande etablering i denne retninga. Framover må vi lokalt finna rette energiløysingar for å redusera karbonutsleppa og klimaendringane. Vi må produsera meir av krafta vi treng lokalt her i Øygarden, og her treng vi eit godt stykke arbeid og samarbeid for å finna dei beste løysingane for heile øygardssamfunnet, seier ho.  

God jobb for Øygarden

Styreleiar i Øygarden næringsutvikling KF, Kurt R. Andreassen, seier at Hanne Misje Lokøy har gjort ein viktig og god jobb for Øygarden næringsutvikling både før og etter at ho tok over som dagleg leiar for føretaket.

- Som dagleg leiar tok ho eit stort ansvar for næringsutviklinga i kommunen og vidareførte dei vedtekne strategiane for selskapet. Ho har utvikla god kontakt mellom næringslivet og kommunen. Trass i at framtida for Øygarden næringsutvikling har vore noko usikker, har ho gjennomført oppgåvene på ein svært god måte. Vi er leie for at ho sluttar som dagleg leiar, men har forståing for at ho har takka ja til ein spennande jobb i CCB, seier Andreassen som også er takksam for viktige bidrag frå Hanne Misje Lokøy i arbeidet med Framtidssamfunnet.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland og Vigleik Brekke