Skal utgreia eigen omsorgsinstitusjon

Kommunestyret har vedteke at det innan utgangen av året vert fremja ei sak med eit driftskonsept med formål om å etablera ein omsorgsinstitusjon innan barnevernet. Dette var ei av sakene kommunestyret behandla onsdag. Resten av sakene vert behandla på kommunestyredag nummer to på torsdag.

Frå møtet onsdag. - Klikk for stort bileteFrå møtet onsdag.

I vedtaket heiter det vidare at omsorgsinstitusjonen bør samlokaliserast med eit ressurssenter som kan tilby samordna tenester etter lov om barnevern og lov om helse- og omsorgstenester. Omsorgsinstitusjonen skal kunna tilby avlastning, akuttplassar og korttidsopphald når barnevernet må overta den daglege omsorga for barnet. Den kommunale omsorgsinstitusjonen innan barnevernet skal redusera kjøp av statlege institusjonsplassar.

Tek imot fleire flyktningar

Kommunestyret vedtok samrøystes å gje kommunedirektøren fullmakt til å busetja 240 flyktningar i 2023. I fullmakta ligg det ein fleksibilitet til å busetja einslege mindreårige, familiar eller vaksne enkeltpersonar i samsvar med oppmodinga frå IMDi (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet).

Bakgrunnen for vedtaket om auka mottak av flyktningar, er oppdaterte prognosar frå utlendingsforvaltninga som viser at det er behov for å busetja 38 tusen flyktningar i 2023. Øygarden er oppmoda om å busetja 240 flyktningar dette året.

Vil oppretta vikarpool

Det vart også vedteke at det skal etablerast ein kommunal vikarpool for sektorane Helse og velferd og Oppvekst frå 1. september. Heilårskostnaden er 2,7 millionar kroner og vert innarbeidd i revidert budsjett.

Kommunen skal tilby fast tilsetjing for fem fagarbeidarar til fagområdet helsearbeidarar og barne og ungdomsarbeidarar.

I saksutgreiinga går det fram at i denne omgang vil tre av fagarbeidarar ha helsefagutdanning, medan to vert rekrutterte frå barne- og ungdomslærlingane. Målsetjinga er at det er fem fagarbeidarar tilgjengelege til ei kvar tid i vikarpoolen. Vikarane skal i hovudsak dekkja dei korte vikariata mellom to veker og tre månader.

I tillegg skal det tilsetjast rådgjevar/koordinator i 100 prosent stilling i kommunalsjefområdet Oppvekst og ein rådgjevar/koordinator i 50 prosent stilling innan kommunalsjefområdet Organisasjon og samfunnssikkerheit.

Set i gang strakstiltak for barn og ungdom

Kommunestyret vedtok at det skal setjast i gang fleire strakstiltak retta mot barn og ungdom. Bakgrunnen for saka er at Øygarden kommune dei siste åra har hatt ein auke i utfordringar knytt til psykisk helse og rusbruk blant barn og unge. Straume-området og Sartor Storsenter har særleg blitt ein opphaldsstad som fører med seg negativ og kriminell åtferd.

Vedtaket er slik:

1. Kommunestyret er positive til å etablera ei permanent tverretatleg og tverrfagleg Ungdomsteneste i kommunen samansett frå ulike tenester i oppvekst og helse. Tenesta bør vere tilstrekkeleg robust til å kunne handtere svingingar i utfordringsbilete og bestå av 6-8 årsverk. Det vert fremja sak om organisering, ressursbehov og moglege finansieringsløysingar inn mot budsjett og økonomiplan for 2024 – 2027

2. Som eit strakstiltak vert stillingar i ungdomstenesta sett av til arbeid med særskilde utsette grupper på ettermiddag og kveldstid.

3. Det vert for neste halvår oppretta eit forsøk med utekontaktfunksjon som er tilpassa lokale forhold i Øygarden kommune. Finansiering vert å koma attende til i revidert budsjett.

4. Øygarden kommune inngår ei avtale med Basecamp om å ha ope fredagskveld til kl. 21, samstundes som ein dei neste åra styrkar dei kommunale klubbane i tråd med behova til dei unge. 5 Det vert sett av 500.000,- til dette formålet i samband med revidert budsjett for 2023. Vidare finansiering vert å komme attende til i budsjett og økonomiplan for 2024 - 2027.

5. Kommunen jobbar vidare med organisering av eit samarbeid med frivillige organisasjonar om å få til Natteravn i Straumeområdet.

6. Det vert straks sett i gang eit arbeid med å få etablert eit allaktivitetstilbod på Straume, med tanke på uorganisert aktivitet for born og unge.

7. I samband med regjeringa si lansering av opptrappingsplan for psykisk helse oppmodar vi om at Øygarden kommune søkjer om å bli pilotkommune i forhold til resultatmål 2: Lågterskeltilbod - ei dør inn.

Skal ha med konkrete tiltak i strategisk planar

Kommunestyret vedtok samrøystes strategisk plan for kultur, idrett- og frivilligheit for 2023-2027. Kommunestyret slutta seg til tilrådinga frå utval for tenester og levekår. Les vedtaket her.

Etter presisering frå kommunedirektøren skal oppdrag i planen endrast til ambisjon.

I vedtaket er det lagt inn ei rekkje nye konkrete framlegg innan tre hovudområde; Idrett, friluftsliv og aktivitet, kulturopplevingar og frivilligheit og lokal samfunnsutvikling. Ein protokolltilførsel frå Arbeidarpartiet vert lagt ved protokollen. Her er protokolltilførselen frå Arbeidarpartiet. (PDF, 30 kB)

Kommunestyret vedtok også bustadsosial temaplan som tilrådd frå utval for tenester og levekår. Mindretalet utanom FNB(Ap, Sp, Raudt, SV og MDG) røysta for innstillinga frå kommunedirektøren.

Tabellen (PDF, 37 kB) om Kommunalt bustadbehov og kommunestyret sine ambisjonar for bustadbygging og samhandling med private aktørar skal delast etter sjette rad. Resten av tabellen vert innarbeidd i ein ny tabell utan investeringar og driftskostnader. Endringane vert lagt inn i framlegget til bustadsosial temaplan 2023-2032. Kommunestyret vedtok etter forslag frå Høgre, samrøystes å endra ordlyden i tabellen i rad 6 frå «barn og unge» til «barn, ungdomar og unge vaksne».

Kommunestyret vedtok etter forslag frå Høgre, samrøystes å endra

Oppstart av arbeid med plan for førebyggande arbeid for barn og unge

Kommunestyret vedtok å starta opp arbeidet med planen. I vedtaket vert det vist til at kommunestyret har vedteke oppstart av ein førebyggjande plan som skal ta for seg heile oppvekstområdet. Denne planen er meir omfattande enn dei nasjonale lovkrava i lov om barneverntenester § 3-1. om førebyggande verksemd i kommunen og barneverntenesta.

Arbeidet med førebyggjande plan mot barn og unge som vert utsette for omsorgssvikt eller utviklar åtferdsproblem (barnevernloven § 3-1) skal vera avslutta innan 1.kvartal 2024. Planen vert integrert i den endelege planen som kommunestyret har bede om.

Årsmeldingar og rekneskap

Kommunestyret godkjente fleire årsmeldingar og rekneskap for 2022:

- Øygarden bustadutvikling KF
- Øygarden brann og redning KF
- Øygarden næringsutvikling KF
- Øygarden kommune

Andre saker

  • Kommunestyret tok sak om reorganisering av kommunale føretak til orientering og å be kommunedirektøren å koma tilbake med framlegg til organisering av føretaka i desember 2023.
  • Kommunestyret  kommune gav tilslutning til at kommunane Fedje, Gulen, Masfjorden og Modalen vert nye deltakarar i Bergen og Omland Friluftsråd.
  • Kommunestyret vedtok kommunedirektøren sitt framlegg uttale til endringar i kulturlova. Les vedtaket her. Les uttalen her. (PDF, 84 kB)
  • Kommunestyret vedtok å nytta seg av opsjonen til å fornya avtalen om sekretariatsteneste for kontrollutvalet med Vestland fylkeskommune med to år frå 01.01.2024 til og med 31.12.2025

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke