Skal tilsetja eigedomssjef

I løpet av relativt kort tid tek Øygarden kommune sikte på å tilsetja eigedomssjef. Stillinga som assisterande kommunalsjef for Kultur og samfunn vert med dette justert til å ha eit dedikert ansvar for eigedom, drift og tekniske tenester.

Kommunalsjef for Kultur og samfunn, Silje Haukedal, seier at ei justering av assisterande kommunalsjefstillinga til eigedomssjef vil bidra til å styrkja rolla til kommunen som ein strategisk eigedomsaktør.

- Dette er eit viktig grep for å utvikla dette området og bidra til at det vert meir leiarkapasitet til å følgja opp både plan, byggesak og kultur samstundes som leiarressursen til eigedomsfeltet vert styrkt, seier Haukedal.

Tidlegare i mai vart Christian Alsaker tilsett som einingsleiar for eigedom. Namnet på eininga hans vert eigedomsforvaltning, drift og vedlikehald.

Rune Landro har vore assisterande kommunalsjef sidan 2020. I ein periode var han konstituert kommunedirektør. Han vert pensjonist frå 1. juni.

Organisasjonskart for Kultur og samfunn