Skal få endå betre dialog med innbyggjarane

Kommunedirektøren tek grep for å gjera det enklare for innbyggjarane i møtet med kommunen. 
- Innbyggartorget og biblioteket skal i endå større grad enn no verta ein attraktiv møtestad og eí dør inn til kommunen, seier kommunedirektør Johnny Brevik.  

Innbyggartorg og bibliotek er ein sentral arena i kulturarbeidet i Øygarden. Arkivfoto. - Klikk for stort bileteInnbyggartorg og bibliotek er ein sentral arena i kulturarbeidet i Øygarden. Arkivfoto.

Frå første juni er innbyggartorget og biblioteket organisert under kommunalsjefområdet Kultur og samfunn. Stillinga som kultursjef i 100 prosent vert om kort tid utlyst eksternt. 

Kommunedirektøren seier at denne omlegginga fører til at kultursjefen får det samla ansvaret for å utvikla kulturarbeidet og stimulera til at innbyggjarane engasjerer seg i det frivillige arbeidet. 

Innbyggartorget og biblioteket er lagt til tre lokasjonar; på Rong, i Skogsskiftet og på Straume.

- Dei tre innbyggartorga og biblioteka skal også i framtida vera sentrale møteplassar for eit aktivt kulturarbeid og utvikling av lokaldemokratiet. Med denne omlegginga skal vi også gjera det endå enklare for innbyggjarane å få kontakt med kommunen når det gjeld plansaker, byggjesaker og andre enkeltsaker, seier Johnny Breivik.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Halvor Skurtveit