Sju av ti er positive til Miljøløftet

Flesteparten av dei som er spurde i ei haldningsundersøking, er positive til Miljøløftet. Undersøkinga er gjennomført i fem kommunar i bergensregionen, mellom anna i Øygarden.

37 prosent av dei spurde reiste kollektivt i 2024. - Klikk for stort bilete37 prosent av dei spurde reiste kollektivt i 2024.

Undersøkinga viser at 63 prosent kjenner til Miljøløftet. Mellom desse er dei fleste positive. 71 prosent er svært positive eller ganske positive. I Øygarden er 62 prosent av dei spurde svært positive eller ganske positive.

Det er bil som er det mest populære transportmiddelet i bergensregionen. Rundt halvparten av dei reisande brukar bil, medan 37 prosent reiser kollektivt, skriv Miljøløftet på nettsida. I omegnskommunane brukar om lag to tredelar av dei reisande bil til jobb. 

40 prosent av syklistane svarar at det er svært sannsynleg at dei vil sykla oftare enn dei gjer i dag, medan 21 prosent svarar at det er ganske sannsynleg. Dei spurde frå Øygarden skårar lågt på spørsmålet om det er sannsynleg at dei vil bruka sykkel for å koma seg til arbeid eller skule i sommarhalvåret.

48 prosent av dei spurde er svært positiv eller ganske positiv til bompengar. I Øygarden er 32 prosent positive til bompengar.

Her kan du lesa heile rapporten. 

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke