Assisterande kommunalsjef for Helse og velferd, Tove Helleland, sa at denne samlinga var ei oppfølging av prioriteringskonferansen dagen før der ein mellom anna snakka om verksemdstyring. Viktige tema på denne samlinga var samskaping/Ung i jobb, medarbeidarskap og sjukefråværoppfølging.
NAV Øygarden har teke initiativ til prosjektet NAV Human. Prosjektet vert uført i regi av NAV region vest, Øygarden og Askøy. Etter ein anbodskonkurranse vart det tidlegare i haust avklart at Læringsliv i Trondheim skal ha oppdraget med å utvikla nye arbeidsmetodar og verktøy i samskapingsprosessar med rettleiarane i NAV Askøy og Øygarden. NAV Øygarden leiar prosjektgruppa, og styringsgruppa er leia av NAV Vestland som prosjekteigar.
Sverre Konrad Nilsen og Astrid Gjeraker.
- Vi har fokus på utvikling og mennesket. Vi må ta mennesket på alvor og sikra at nettverk for medarbeidarane. Det er nødvendig for å kunna stå i jobben, sa ho.
Sverre Konrad Nilsen gjennomførte ei øving der deltakarane verkeleg opplevde korleis "innanforskap" og "utanforskap" kan opplevast. Alle deltakarane fekk limt kvar sitt tal på panna frå eín til seks. I eit fiktivt cocktailparty skulle deltakarane søkja mot deltakarane i gruppa etter dette poengsystemet. Nokre opplevde seg populære, medan andre opplevde å stå åleine "utanforskap".
- Eg kjenner det faktisk fysisk å verta avvist. Eg kjende på irritasjon over å verta avbrote midt i ei setning, sa Therese Helgesen når ho med nummer seks i panna opplevde utanforskap i cocktailpartyet.
Frå cocktailpartyet
Mange sa at dei slett ikkje opplevde seg populær og at dei vart totalt avvist av alle. Dei attraktive (eín og to) opplevde at alle ville helsa på dei.
- Har dette noko med jobben vår å gjera, ville Sverre Konrad Nilsen vita.
- Det handlar mellom anna om relasjonell tryggleik. Det kan føra til sjukefråvær. Vi må ha genuin interesse for menneske. Leiarar har makt, Kroppen «lek» informasjon, var nokre av svara Nilsen fekk.
Frå cocktailpartyet
Ungdom som kjem i kontakt med NAV Human, opplever seg gjerne som ein seksar.
- I NAV Human skal vi møta ungdomane som eínar og toarar frå dag eín, sa Sverre Konrad Nilsen som understrekar at ein skal møta ungdomane på ein måte som bidreg til at dei kjenner seg verdifulle.
Tekst og foto: Vigleik Brekke