Samla kandidatar frå listeforslaga

 - Eg har stor tru på at vi får ein sakleg og god valkamp. Det seier ordførar Tom Georg Indrevik etter at han møtte kandidatane til dei ulike listene til kommunevalet til hausten. På møtet var 11 av dei 16 listeforslaga representert.

Frå møtet med kandidatane i går. - Klikk for stort bileteFrå møtet med kandidatane på måndag.

Ein av grunnane til at ordføraren kalla inn til møtet er at hets og truslar mot lokale folkevalde har auka dei siste åra og at dette kan verta ein fare for demokratiet. Mange folkevalde opplever hatefulle ytringar eller konkrete truslar, og ein konsekvens av dette er at ytringsfridomen i praksis vert avgrensa.

- Difor er det viktig at alle gruppene som stiller til val tek dette på alvor. Kommunestyret vedtok i juni 2022 retningsliner for varsling og handtering av truslar mot folkevalde. Desse retningslinjene viser oss korleis vi skal gå fram om det oppstår hat og truslar mot folkevalde, seier ordføraren.

Det er levert inn 16 listeforslag til kommunevalet den 11. september.  Valstyret skal den 9. mai ta stilling til om listeforslaga skal godkjennast.

Valansvarleg Beate Hetlevik opplyste på møtet at kommunen legg ut artiklar med valresultat etter valet 11. september og kandidatkåringar. Dersom alt går etter planen vil kandidatkåringane vera på plass onsdag 13. september.

Kommunestyret har konstituerande møte den 26. oktober. Då skal mellom anna formannskap, utval, ordførar og varaordførar veljast.

Det er lagt opp til fem samlingar med opplæring for kommunestyret fram til januar 2024. Det vert ordinært kommunestyremøte den 28. november, 20. desember og 21. desember (budsjettmøte).

Ordføraren oppmodar kandidatane til kommunevalet om å lesa eigarskapsmeldinga vedteken av kommunestyret. Der vil ein mellom anna få svar på spørsmål knytt til habilitet. Han oppmodar også kandidatane til å verta kjend med samfunnsdelen til kommuneplanen.

- Denne planen gir ein retning for det kommunale arbeidet i tida fram til 2034, seier Tom Georg Indrevik. 

Les meir om kommune- og fylkestingsvalet 2023 her.



Tekst og foto: Vigleik Brekke