Så er budsjettet i hamn

Litt etter klokka 16.00 på torsdag slo ordførar Tom Georg Indrevik klubba i bordet og slo fast at budsjettet 2026 og økonomiplanen 2026-2029 var vedteke. Budsjettet har ei ramme på om lag 2,9 milliardar kroner. I 2026 skal det investerast for om lag 270 millionar kroner.

Espen Harkestad (Ap) og Geir Fjeldstad (Ap) i prat med ordførar Tom Georg Indrevik (H) i ein pause. - Klikk for stort bileteEspen Harkestad (Ap) og Geir Fjeldstad (Ap) i prat med ordførar Tom Georg Indrevik (H) i ein pause.

Det var forslaget frå fleirtalskoalisjonen (Høgre, Frp, Sotralista-TVØ, KrF, Venstre og Pensjonistpartiet) (PDF, 131 kB) som vart vedteke. Utgangspunktet er framlegget frå kommunedirektøren. I forslaget som vart vedteke er det i forhold til framlegget frå kommunedirektøren «flytta på» om lag åtte millionar kroner i driftsbudsjettet.

Fleire tiltak går igjen både i forslaget som vart vedteke og i forslaga frå dei ulike opposisjonspartia. 

Prioriteringar (endringar) i det vedtekne budsjettet er avsetjing av eín million kroner til transport til ikkje-lovpålagde tenester i barnehage og skule og 1,5 millionar kroner tilbakeført til Øygarden kyrkjelege fellesråd. Det er elles lagt inn midlar til arbeidsoppmuntringspengar, gratis bruk av tryggleiksalarmar for inntekt under 2G pr. person, fredagsopen Basecamp og arbeidskøyring for VTA-plassar (VTA: varig tilrettelagt arbeid). Andre prioriteringar er mellom anna redusert auke i betalingssats for SFO, trivselsmidlar til skulane.

Det ligg også inne ekstramidlar for å ha opna bassenget på Fjell ungdomsskule. Kommunestyret samla seg om eit felles verbalpunkt der det heiter at kommunestyret ber om at det vert fremja eiga sak som vurderer opning av bassenget på Fjell ungdomsskule. Denne saka må også innehalda plass for elevar ved Ulveset skule.

Det vart vedteke ei rekkje verbalpunkt. Detaljane om desse punkta er klare når møteboka er klar i løpet av fredag. Her kan du lesa innkalling med saksdokument og alle forslaga dei ulike partia fremja i kommunestyret. 

Ordførar Tom Georg Indrevik sa etter at budsjettet var vedteke at det var eit innhaldsrikt og spennande møte med mange gode innlegg. 

- Eg er utruleg stolt over den kulturen vi har i dette kommunestyret. Vi har diskusjonar, men vi har det godt saman, sa ordføraren.

Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) er gruppeleiar i det største opposisjonspartiet. Ho takka for samarbeidet og ønskte god jul.
- Vi er nøgde når ordføraren er nøgd, sa Sandahl Bjorøy.

Prat i pausen. Frå venstre; Børge Haugetun (Sotralista -TVØ), Nils Kåre Skoge (H) og Mrianne Sandahl Bjorøy (Ap). - Klikk for stort biletePrat i pausen. Frå venstre; Børge Haugetun (Sotralista -TVØ), Nils Kåre Skoge (H) og Mrianne Sandahl Bjorøy (Ap).

Det skal vera 39 representantar i kommunestyret frå 2027

Etter ein lang og engasjert debatt vedtok kommunestyret med 28 røyster at det frå neste valperiode (2027-2031) skal vera 39 representantar i kommunestyret. Det inneber at talet vert redusert med seks representantar.

Mindretalet, samansett av heile gruppa til Arbeidarpartiet og fleirtalet i gruppa til Høgre, røysta for 35 representantar. 

Jan Utkilen (Sotralista-TVØ) fremja eit forslag om at kommunestyret skal vera samansett av 45 medlemer. Forslaget fekk ikkje fleirtal.

Kommunedirektøren hadde føreslått at talet på medlemer i kommunestyret vert redusert frå 45 til 27 medlemer. Sidan 2019 har det vore 45 medlemer i kommunestyret. Minimumskravet for kommunar med om lag 40 tusen innbyggjarar er 27 medlemer. Kommunestyret må sjølv vedta endring av medlemstalet innan utgangen av desember nest siste år av valperioden.

I kø for å gje replikk. Frå venstre; Nils Bjarte Sæle (R), Andreas Kallekleiv (H) og Nina Glesnes (Sotralista-TVØ) som står på talarstolen. - Klikk for stort bileteI kø for å gje replikk. Frå venstre; Nils Bjarte Sæle (R), Andreas Kallekleiv (H) og Nina Glesnes (Sotralista-TVØ) som står på talarstolen.

Skal ta imot 50 flyktningar i 2026

Kommunestyret vedtok å ta imot 50 flyktningar neste år. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har oppmoda kommunen om å ta imot 100 flyktningar. Øygarden kommune kan ta imot einslege mindreårige med følgjeperson som del av kvoten. Utover dette kan kommunen ta imot to einslege mindreårige i alderen 13-16 år og to einslege mindreårige i alderen 16-18 år i tillegg til kvoten. Dersom behovet for busetjing aukar i løpet av 2026, vil kommunen koma tilbake dette i samband med ei eventuell ny oppmoding i løpet av våren 2026.

Vedtaket vart gjort med 37 røyster. Frp sine sju representantar og Pensjonistpartiet røysta for at kommunen ikkje skal ta imot flyktningar i 2026.

Lyser ut anbod på pensjonstenester

Kommunestyret vedtok å lysa ut pensjonsordninga for fellesordninga på anbod med sikte på å inngå avtale frå 1. januar 2027. I vedtaket heiter det at kommunen godkjenner at kommunedirektøren startar anbodsprosessen i tråd med lov om offentlege anskaffingar og gjeldande regelverk for pensjonsordningar. Kommunedirektøren får fullmakt til å engasjera ekstern pensjonsfagleg rådgjeving, utarbeida konkurransegrunnlag og etablera evalueringsgruppe med deltaking frå tillitsvalde. 

Sak om konkurransegrunnlag og vekting vert lagt fram for kommunestyret innan 1. juni 2026. Øygarden kommune inngjekk avtale med Storebrand Livsforsikring AS som pensjonsleverandør for fellesordninga med verknad frå 1. januar 2022.

Andreas Ormevik (MDG) - Klikk for stort bileteAndreas Ormevik (MDG)

Valde ungdomsråd

Kommunestyret valde ungdomsråd for perioden 2026-2027. Rådet vel sjølv leiar og nestleiar.

Medlemer er: Alva Betine Kilvik, Rebekka Kvaal, Trym Elias Lie, Amalie Stusdal, Sofie Mundal, Guro Vik, Vegard Endal, Ksawier K Brozek, Oliver Jåstad, Dorthea Revne Klepsvik og Samuel Vik. Varamedlemer: Oline Kaalaas, Mathilde Forland, Alexandra Busomoke, Robin Blume og Victoria Nordbø.

Framtidig organisering av helse- og velferd 

Kommunestyret har bedt om ei heilskapleg vurdering av kvaliteten i helse- og omsorgstenestene som grunnlag for framtidig organisering (svar på verbalpunkt i budsjett 2025). Saka gjev eit samla bilete av status og utfordringar innan kompetanse, leiing, sjukefråvær, bygningsmasse, velferdsteknologi og brukartilfredsheit i helse- og velferdstenestene. Kommunestyret tok saka til orientering. 

Prioriterte spelemidlar

Kommunestyret slutta seg til innstillinga frå kommunedirektøren om fordeling av spelemidlar til ordinære anlegg og nærmiljøanlegg. Straume idrettspark med rehabilitering av kunstgrasbane, klubbhus Skogsvåg stadion og rullepark med lys på Grønatorget (Solsio) står på dei tre øvste plassane på prioriteringslista over ordinære anlegg. 

På dei tre første plassane på nærmiljøanlegg står multibane på Ågotnes skule, nærmiljøpark/trimpark på Møvika og Skoge og parkouranlegg på Hjelteryggen skule. 

Det er Vestland fylke som fordeler midlane.

Nye tiltak retta mot veteranar

Det vart vedteke nye tiltak i 2026 og 2027 for oppfølging av veteranplanen. Kommunedirektøren får fullmakt til å oppdatera den gjeldande veteranplanen, slik det går fram av saka. 

Planen skal evaluerast årleg, og ei skriftleg oppsummering av evalueringa skal leggjast fram for Levekårsutvalet. Dersom det i evalueringa vert klart at det er behov for å endra sjølve planen, skal det fremjast eiga sak om dette.

Kommunen har i dag om lag 300 innbyggjarar som har deltatt i internasjonale militære oppdrag. Veteranplanen har som mål å sikra god ivaretaking, anerkjenning og oppfølging av veteranar og familiane deira.

Etter evaluering av tiltaka, er det lista opp prioriterte tiltak for 2026 og 2027. Det er at det skal peikast ut veterankontakt, markering av veterandagen 8. mai (kvart år), kompetanseheving for tilsette, opplæring av helsepersonell og etablering av årlege dialogmøte med veteranorganisasjonar.

Frå møtete 11. desember - Klikk for stort bilete

Evaluering av verknadene av ein meir praktisk skule

Kommunestyret tok saka om verknadane av ein meir praktisk skule til orientering.

Kommunestyret slutta seg til tilrådinga frå levekårsutvalet. Evalueringa viser at det er stor strekk i korleis ein har nytta dei kommunalt tildelte midlane som var øyremerkt utstyr/verktøy for praktiske fag. Tilbakemeldingane frå rektorane viser at ved nokre skular står midlane ubrukt, medan det kan sjå ut som at ein ved andre skular har nytta ekstratilskotet til materiell som burde vore dekka av ordinære driftsmidlar.

Tilbakemeldingane frå rektorane viser også at det er stor uvisse knytt til om elevane sitt læringsutbytte har forbetra seg som følgje av tiltaka, noko som i seg sjølv er grunn for ytterlegare oppfølging. Kommunestyret ber difor om at evalueringa snarast blir følgd opp av administrativ skuleeigar for å sikra at midlane vert brukte i samsvar med vedtaket i kommunestyret.

Kvartalsrapport

Kommunestyret tok kvartalsrapport 3. kvartal til etterretning. Oppvekst har meldt om ein prognose for 2025 med meirforbruk på 15 millionar kroner, medan Helse og velferd har ein prognose på fem millionar kroner i meirforbruk dette året etter at kortsiktige tiltak er sette i verk. I tillegg er det ein del andre forhold som er omhandla i rapporten. Alt i alt er den totale prognosen for Øygarden kommune per september 2025 at budsjettet vil halda.

Budsjett for Øygarden bustadforvaltning

Kommunestyret vedtok budsjett for Øygarden bustadforvaltning KF. Ramma er 65,5 millionar kroner, eit netto mindreforbruk på 192 tusen kroner. 

Kommunestyret slutta seg til eit tilleggsforslag frå ordførar Tom Georg Indrevik der Øygarden bustadforvaltning vert beden om gå i dialog med Bustadstiftinga for å etablera felles løysingar som innarbeider eit effektiviseringskrav på tre millionar kroner, og summen i punkt 1 vert redusert tilsvarande (frå 68,5 til 65,5 millionar kroner). Dersom føresetnadene for tidlegare kommunestyrevedtak ikkje er mogleg å gjennomføra, ber kommunestyret om ny sak.

Andre saker

  • Finansrapport 3. kvartal vart teken til orientering slik han låg føre. 
  • Høyringsinnspel til NOU 2025: Folkehelse-, verdiar, kunnskap og prioritering.
  • Høyringsuttale: Forskrift om tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet
  • Ein parsell i Skogsskiftet som i hovudsak er sett av med sentrumsformål i 
    gjeldande arealdel til kommuneplanen, vart vedteke lagt ut for sal på den opne marknaden.
  • Strategiplan for tilsyn etter plan- og bygningsloven for 2026-2027 - Øygarden 
    Kommune
  • Endring i delegering til administrasjonsutvalet
  • Endring i forskrift om skule- og feriedagar (skulerute) - Øygarden kommunale skular


Her kan du sjå opptak av kommunestyremøtet på kommune-TV.

Sokneprest Maria Tveten - Klikk for stort bileteSokneprest Maria Tveten

Siste julehelsing frå sokneprest Maria Tveten

Sokneprest i Foldnes kyrkje, Maria Tveten, har dei siste åra hatt helsing på det siste kommunestyremøtet før jul. Ho takka alle politikarane for den jobben dei gjer og at dei i dette arbeidet også har “stått i det ubehagelege”.  Tveten sluttar no som sokneprest i Foldnes og skal over i ein prestestilling på Haakonsvern. Ordførar Tom Georg Indrevik takka for samarbeid og overrekte gåve til soknepresten.

Arbeidsmiljøprisen 2025 gjekk til Skogsvåg barnehage.


Tekst og foto: Vigleik Brekke