Skogsvåg barnehage får arbeidsmiljøprisen 2025

- Barnehagen gjev håp, tru og bevis for at systematisk lokalt partsarbeid, leiing og involvering verkar, heiter det i grunngjevinga frå juryen til vinnaren av arbeidsmiljøprisen. Ordførar Tom Georg Indrevik overrekte prisen til Skogsvåg barnehage på kommunestyremøtet 11. desember.

Frå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, styrar på Skogsvåg barnehage Else Glesnes, verneombod på Skogsvåg barnehage Marit Telle, rektor på Skogsvåg skule Ingrid Helene Bildøy Hestad, verneombod på Skogsvåg skule Asgeir Litlere, avdelingsleiar Straumsfjellet avlastning Sylvia Breur, verneombod på Straumsfjellet avlastning Marie Hindenes og kommunedirektør Johnny Breivik. - Klikk for stort bileteFrå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, styrar på Skogsvåg barnehage Else Glesnes, verneombod på Skogsvåg barnehage Marit Telle, rektor på Skogsvåg skule Ingrid Helene Bildøy Hestad, verneombod på Skogsvåg skule Asgeir Litlere, avdelingsleiar Straumsfjellet avlastning Sylvia Breur, verneombod på Straumsfjellet avlastning Marie Hindenes og kommunedirektør Johnny Breivik.

Barnehagen får ein pengepremie på 15 tusen kroner. Nytt av året er at også Skogsvåg skule får tre tusen kroner for andreplass og Straumsfjellet avlastning får to tusen kroner for tredjeplassen.

- Vi jublar, gler oss og opplever at dette er ei anerkjenning for det arbeidsmiljøet vi har opparbeidd. Heile gjengen har jobba iherdig med dette. Vi har brukt partsgruppa (styrar, verneombod og tillitsvalde) for å få dette til, seier styrar Else Glesnes.

- Gje oss eit konkret døme på tiltak?

- Vi har eksempelvis laga kommunikasjonsreglar om korleis vi skal kommunisera med kvarandre.

- Kva skal de bruka 15 tusen kroner til?

- Vi sparar til teambuilding og håpar at desse pengane kan brukast til dette, seier styrar Else Glesnes.

Arbeidsutvalet til hovudarbeidsmiljøutvalet (HAMU) er jury, og har vurdert søknadane ut frå dei kriteria som kom fram i utlysinga. Det vert understreka at ein søknad åleine sjølvsagt ikkje seier alt om ein arbeidsplass. Det var kommunedirektør Johnny Breivik som leste opp grunngjevinga frå juryen.

Juryen skriv om vinnaren Skogsvåg barnehage at det vert gjennomført eit svært godt systematisk arbeid og ein større snuoperasjon som det lokale partsarbeidet og leiinga har fått til saman med dei tilsette. 

- Dei har jobba systematisk og sett inn ei rekkje gode tiltak knytt opp til risikofaktorar innan fysisk, psykososialt og organisatoriske forhold. Dei har vektlagt kompetanse til alle om kommunikasjon og emosjonelle krav, skriv juryen. 

Else Glesnes (til venstre) og Marit Telle - Klikk for stort bileteElse Glesnes (til venstre) og Marit Telle

Nærvær

Det vert vist til at dei nyttar ressursar rundt seg, og arbeider med delingskultur, refleksjonar og å ha eit ope og ærleg arbeidsmiljø, kor utfordringar vert rydda i etter kvart som dei kjem. 

- Nærværet ved eininga har verkeleg auka stort, og det ser ut til å vara over tid, skriv juryen.

Skogsvåg skule, som får andrepremien, får ros for å ha tydelege rolleavklaringar. Dei følgjer opp sjukefråværet på måtar som viser tydelege positive resultat. Dei fortel om systematisk arbeid med nærversfaktorar, arbeidsmiljø generelt og ei medviten lag-ånd bygd opp via aktivt partsarbeid.

Om Straumsfjellet avlastning, som får tredjepremie, skriv juryen at dei har fokus på tenestene dei leverer til innbyggarane, og at dei arbeider systematisk med risikofaktorar i arbeidsmiljøet, som til dømes fysisk, psykososialt og organisatoriske forhold og set inn gode tiltak. Dei fortel om medverknad, og organisering og høgare nærvær.

Arbeidsutvalet til AMU (juryen) er samansett av Anne-Merete Vabø Haugane (leiar), Trude E. Villanger (sekretær), Åshild-Helene Vik ( HVO) og May Britt Hansen (HTV).

Les om korleis Skogsvåg barnehage sjølv skildrar sitt arbeid med arbeidsmiljøet:

Tekst om arbeidsmiljøarbeid i Skogsvåg barnehage - Klikk for stort bilete


Tekst og foto: Vigleik Brekke