Rune Golf vert ny skulesjef

Rektor på Tranevågen ungdomsskule, Rune Golf (52), er tilsett som skulesjef i Øygarden kommune. Han tek over stillinga frå komande skuleår i august etter Jon Erik Egeland.

Rune Golf - Klikk for stort bileteRune Golf

Kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta, seier at det var fleire solide kandidatar til stillinga. Han seier at det har vore ein grundig prosess for å landa tilsetjinga. 

- I Rune får vi ein utviklingsorientert og dyktig skulesjef med lang erfaring frå alle nivå i skulen. Han har stor tillit i organisasjonen, og eg er trygg på at vi i Rune får ein skulesjef som kjem til å vidareutvikla skulen i Øygarden på ein god og framtidsretta måte, ser Sylta.

Rune Golf ser fram til den nye jobben, men vedgår at det er vemodig å forlata dei gode kollegaene og flotte elevane på Tranevågen ungdomsskule.

Han er takksam for den tilliten han vist ved at han er tilsett som skulesjef. 

- Øygarden er ein av dei mest spennande kommunane på Vestlandet. Det gjeld også innan skulefeltet. Eg ønskjer å vera med og bidra til å utvikla skulen og syta for gode kår for elevane og dei tilsette. Vi skal klara å sikra ein god skule, også i krevjande tider. Det er alltid eit moglegheitsrom som vi kan nytta på ein god måte, seier Rune Golf.

Rune Golf har vore rektor på Tranevågen ungdomsskule i sju år. Før det var han rektor på Olsvik skule (kombinert barne- og ungdomsskule).


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland