Ros til kontrollutvalet

På det siste møtet i kontrollutvalet i denne perioden var det tid til evaluering og oppsummering.
- Eg vil gje skryt for måten de handterer sakene på, sa ordførar Tom Georg Indrevik som saman med kommunedirektør, revisor og sekretariat var invitert til å delta i evalueringa av utvalet.
 

Kontrollutvalet. Frå venstre; Anja Ulveseth Heggen, Jimmy Håkonsund, Janne Monsen, Åse Gunn Husebø, Inge Kausland og Einar Kåre Ulla (seniorrådgjevar, sekretariat). - Klikk for stort bileteKontrollutvalet. Frå venstre; Anja Ulveseth Heggen, Jimmy Håkonsund, Janne Monsen, Åse Gunn Husebø, Inge Kausland og Einar Kåre Ulla (seniorrådgjevar, sekretariat).

Utvalsleiar, Åse Gunn Husebø, gjekk gjennom eit skjema med 18 spørsmål om korleis ein har opplevd arbeidet i kontrollutvalet og samarbeidet med administrasjonen, revisoren og sekretariatet.

Krevjande start

Ordførar Tom Georg Indrevik viste til at kontrollutvalet i starten fekk mange krevjande saker frå dei gamle kommunane og at dette prega den første tida i utvalet. Etter kvart har dette endra seg.

- Den jobben som er gjort med sakene frå dei tidlegare kommunane er gjennomført på ein førebiletleg måte. Det har vore viktig for omdømet til kommunen, sa han.

Også medlemer i kontrollutvalet gav uttrykk for at det har vore vesentleg lettare å gjennomføra oppgåvene i utvalet i den siste delen av kommunevalperioden.  

Kommunedirektør Johnny Breivik takka for eit godt samarbeid med kontrollutvalet og meinte at utvalet utøver rolla si på ein god måte.

- Kontrollutvalet har ei viktig oppgåve. Vi forvaltar offentlege verdiar, og det er viktig å ha eit utval som stiller spørsmål med det vi gjer. Vi ønskjer å spela på lag med kontrollutvalet, sa Breivik.

Utvalsleiar Åse Gunn Husebø kunne tenkt seg eit noko meir praktisk lokale enn kultursalen. Ho meinte også at det er krevjande å nytta politikarportalen for kontrollutvalet. Kommunedirektør Johnny Breivik sa at kommuneleiinga er i dialog med leverandøren av politikarportalen.

Åse Gunn Husebø gjev  skryt til administrasjonen for svært god profesjonalitet og oppfølging av revisjonane.

Orienteringar

Kommunedirektør Johnny Breivik orienterte om arbeidet med HMT og internkontroll. Det er mellom anna registrert auka tal på avviksmeldingar. Den viktigaste grunnen til denne auken er at ein blitt flinkare til å registrera avvik. 

Sjukefråværet er redusert og er på 8.9 prosent så langt i år. Tiltak for å redusera sjukefråværet er prosjektet «Jobben gjer frisk» og medarbeidarundersøking.

Kommunalsjef for Kultur og samfunn, Silje Haukedal, orienterte om tiltak innan byggesak. Det er sett av ekstraressursar til tiltaket «Utvikling byggesak». Dette starta i august.

- Vi ser allereie no positiv effekt av tiltaket. Saker «over frist» er redusert, sa Haukedal. 

Saker

Kontrollutvalet behandla saker knytt til eigarskapskontroll, forvaltningsrevisjon av internkontroll og forvaltningsrevisjon av tverrfagleg samarbeid i tenester til barn og unge og plan for forvaltningsrevisjon og plan for eigarskapskontroll 2024-2028 (bestilling av prosjektplan). 

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Her kan du sjå møtet på nett-TV.


Tekst og foto: Vigleik Brekke