Riggar beredskapslageret

Under koronepidemien vart det kjøpt inn store mengder med smittevernutstyr. Dette kjem godt med når styresmaktene har endra forskrift om beredskapsplanlegging og beredskapsarbeid. Den siste tida har Thea Marthinussen hatt sommarjobb på lageret og telt på hundretusenvis av smittevernutstyr.

Thea Marthinussen har fått oversikt over smittevernutstyret på beredskapslageret. - Klikk for stort bileteThea Marthinussen har sikra seg oversikt over smittevernutstyret på beredskapslageret.

Vi møter henne på beredskapslageret til Øygarden. Her er lange reolar med esker fylte av hanskar, smittefrakkar, munnbind og visir.

- Mykje av utstyret går ut på dato neste år, og difor må ein del av det skiftast ut. Ein del av utstyret kan brukast av institusjonar, seier Thea som no er student.

Ho har ei viss erfaring med pandemi. Då det stod på som verst, hadde ho jobb med testing. Ho var også assistent for vaksinasjon ein periode.

- Eg trivst godt med denne jobben, sjølv om eg er her åleine og oppgåvene er litt einsidige. Oppteljinga viser at her er 250 tusen hanskar, 20 tusen smittefrakkar og 280 tusen munnbind. I tillegg kjem visir, fortel ho.

Frå og med 1. januar 2026 må kommunane ha eit beredskapslager av medisinsk utstyr som svarar til kva dei treng for normal drift av helse- og omsorgstenestene sine i tre månader.

Plakat - Klikk for stort bilete

Beredskapskoordinator på tryggleik, Thomas Bekkens, opplyser at ein del av ustyret er gått ut på dato eller er i ferd med å gå ut på dato. 

- Når det går ut på dato, kjøper vi nytt og sikrar at vi har eit beredskapslager slik styresmaktene krev, seier han.


Tekst og foto: Vigleik Brekke