Rekordmange utstillarar på frivilligdagane

Fredag ettermiddag var det offisiell opning av frivilligdagane 2024. Dette året er det rekordmange utstillingar med 29 lag og organisasjonar på plass med stand på Sartor Storsenter. På laurdag vert den flottaste standen kåra.

Kyrkjefolket hadde også ein krok på senteret. Til venstre; rådgjevar i frivillighet, Julia Valeska Woehlert. - Klikk for stort bileteKyrkjefolket hadde også ein krok på senteret. Til venstre; rådgjevar i frivillighet, Julia Valeska Woehlert.

Det var ordførar Tom Georg Indrevik som stod for den offisielle opninga. Han starta med å fortelja om eit besøk på Kvednatunet for kort tid sidan.

- Der ute har dei no jamleg i 20 år arrangert kaffikosen. Det var fullt hus med 60-70 personar. Eg er imponert over at dei klarer få finna nye frivillige til å halda dette tilbodet gåande.  Eg håpar at det vert fullt hus her i morgon der folk kan få sjå på dei gøyale aktivitetane det frivillige representerer, sa ordføraren.

Konferansier Åge Clausen ville vita kva det frivillige har betydd for ordføraren som i mange år har drive speidararbeid for Blå Kors.

- Det viktigaste er kva du får igjen når du bidreg noko for andre. Det er alltid kjekt å møte på gamle speidarar. Hugs at vi ikkje kan vedta eit godt samfunn eller gode medmenneske. Det er noko som vert skapt mellom menneska og nedanfrå, sa ordføraren.

på arrangementet var det mellom anna flott song av Anabelle Steinsland Whitfield.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete: