Rekneskapsunderskot i 2023

Øygarden kommune hadde eit negativt netto driftsresultat på 19,8 millionar kroner i 2023. Underskotet utgjer 0,6 prosent av driftsinntektene.

Kommunedirektør Johnny Breivik orienterte kort om rekneskapsresultatet på kommunestyremøtet 22. februar. - Klikk for stort bileteKommunedirektør Johnny Breivik orienterte kort om rekneskapsresultatet på kommunestyremøtet 22. februar.

Dei totale driftsinntektene var på 3 498 millionar kroner i 2023., medan driftsutgiftene kom på 3 522 millionar kroner. Skatteinntektene var 1 341 millionar kroner i fjor. Dette er om lag som budsjettert. Rammetilskotet var kr 1 261 millionar i fjor. Dette er 27 millionar kroner meir enn budsjettert. 

Øygarden kommune fekk 177 millionar kroner i eigedomsskatt i fjor. Dette er fire millionar kroner meir enn budsjettert.
Kommunedirektør Johnny Breivik opplyste til kommunestyret på torsdag at den førebelse rekneskapen no er sendt til revisjon.

- Vi er ikkje nøgde med å ha eit negativt driftsresultat. Utfordringa no er å tilpassa oss kraftig kostnadsauke innan helse og velferd. Vi må finna gode løysingar for å handtera dette framover, seier kommunedirektøren.

Han peikar på fleire årsaker til at det vart minusresultat i 2023.

- Prisauken vart høgare enn budsjettert. Dette utgjorde om lag 50 millionar kroner i fjor. Bemanningsutfordringar i kommunalsjefområdet Helse og velferd har resultert i meirforbruk. Det er også meirforbruk innan barnevern og skule og brøyting og salting, seier kommunedirektøren.

Renteauken har også slått kraftig inn på rekneskapen for 2023. I fjor vart det betalt 157 millionar kroner i renter. Dette er ein auke på 72 millionar kroner frå året før. 

Disposisjonsfondet utgjorde 108 millionar kroner ved årsskiftet. Lånegjelda på eigne investeringar utgjorde 2 927 millionar kroner ved utgangen av 2023. 


Tekst og foto: Vigleik Brekke