Reduksjon av kontingent i Øygarden kulturskulekor hausten 2023

Hausten 2023 vil kontingenten for elevar i kulturskulekoret vera kr 500,-

Kulturskulen set ned kontingenten i kulturskulekoret til kr 500 dette halvåret (haust 2023). 
Kommunen vil satsa på å bli ein «Syngande kommune» frå neste år og har sett av oppstartsmidlar til dette. 

Koret er eit lågterskeltilbod slik at dei som har lyst å syngja skal ha høve til dette økonomisk. I tillegg har også kulturskulen friplassar for dei som har behov for det. 
 
Vi jobbar for å etablera dette som ei permanent løysing frå 2024. 
 
Velkommen til å søkja plass i koret. Vii tar framleis inn søkjarar, 1.trinn til 3. vgs. 

Meir informasjon finn du på heimesida til kulturskulen, under «våre tilbod».