Prognose på 15-19 millionar i minus

Økonomisk status for Øygarden kommune pr. 31. juli viser eit meirforbruk på drifta på 39 millionar kroner for 2024 dersom det ikkje vert innført innsparingstiltak. Kommunedirektør Johnny Breivik opplyste vidare i eit ekstra formannskapsmøte måndag ettermiddag at forventa meirinntekter på 20,5 millionar kroner bidreg til at rekneskapsprognosen for 2024 er ein minus på 15-19 millionar kroner.

Frå formannskapet 30. september. Frå venstre; Andreas Kallekleiv (Høgre), kommunedirektør Johnny Breivik og ordførar Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bileteFrå formannskapet 30. september. Frå venstre; Andreas Kallekleiv (Høgre), kommunedirektør Johnny Breivik og ordførar Tom Georg Indrevik.

Formannskapet innstilte samrøystes på å ta kvartalsrapporten for 2. kvartal til orientering og dela kommunedirektøren si bekymring for meirforbruket i ulike sektorar. Dei fem andre punkta i forslaget frå Høgre, Frp, Sotralista – TVØ og KrF fekk sju røyster og dermed fleirtal (sjå nedanfor). Mindretalet på fire (Arbeidarpartiet, SV og INP) røysta imot desse punkta.

I orienteringa frå kommunedirektør Johnny Breivik og kommunalsjef for Finans og økonomi, Anne Erdal, gjekk det fram at kommunen vil få sju millionar kroner ekstra i eigedomsskatt, 7,5 millionar kroner ekstra i utbyte, to millionar kroner meir i rammetilskot og fire millionar kroner i redusert avdragsinnbetaling. Dette utgjer 20,5 millionar kroner.

- Det er avgjerande at innsparingstiltaka i framtidig budsjett vert større enn nye kostnadsdrivande tiltak og at vi har ei felles forståing for utfordringsbiletet. Aktuelle innsparingstiltak på kort sikt er knytt til ledige stillingar og vikariat, vikarbruk, driftsfinansierte innkjøp, tenestereiser, kurs og konferansar og bevertning, sa kommunedirektøren.

Vil disponera inntekter utover budsjett

I den fem andre punkta, som går som innstilling til kommunestyret, går det fram at kommunestyret vil disponera inntekter utover budsjett i eiga sak i samband med årsrekneskapen. Det vert peika på at det må gjennomførast tiltak for å bringa balanse mellom inntekter og utgifter, for å sikra at kommunen ikkje går med underskot i 2024. 

I tilrådinga heiter det vidare  at kommunedirektøren må arbeida vidare med strukturelle endringar som kan få ned det varige utgiftsnivået. Dette inkluderer også løysningar i samarbeid med andre aktørar. Det vert bedt om at forslag vert fremja i samband med budsjettet for 2025. 

- Kommunestyret stiller seg bak tiltaka som er omtala i rapporten, men ber kommunedirektøren i den grad det er mogleg å skjerma barn og unge. Kommunestyret ber formannskapet følgje utviklinga gjennom dei månadlege økonomirapportane, heiter det i tilrådinga.

Mindretalet på fire (Arbeidarpartiet, SV og INP) røysta for to forslag presentert av Robert Lund (INP) om at formannskapet oppfordrar til at det gjennom omstillingsarbeidet innan Helse og velferd vert utgreidd med å auka både grunnbemanning og talet vakter på minst 7,5 timer og å sjå på moglegheiter for andre turnusordningar enn i dag.

I det andre mindretalsforslaget vert administrasjonen beden om å setja i gang eit prosjekt rundt sjukefråvær i kommunale einingar. Ordførar og kommunedirektøren vert oppmoda om å vurdera moglegheita for å for å invitera tillitsvalde, verneombod og leiarane av de avdelingane som slit med høgt sjukefråvær for ei orientering så ein kan få innsikt i kva tiltak som kan gjerast politisk. 

Saka vert endeleg behandla i kommunestyret 3. oktober.


Tekst og foto: Vigleik Brekke