Prisdryss på Energimessa

Torsdag klokka 18 vart dei beste standane på Energimessa kåra. Prisane gjekk til Ågotnes skule, Spildepollen skule og helse- og oppvekstfaget på Sotra vidaregåande skule.

Ågotnes-elevar på scena - Klikk for stort bileteÅgotnes skule hadde beste stand

Den beste standen, sponsa av Sparebanken Norge, gjekk til Ågotnes skule. I grunngjevinga heiter det at denne standen utmerkar seg med kreativitet, engasjement og god formidling. Her ser vi etter ei heilskapleg oppleving som gjer inntrykk på publikum.

- Prisvinnaren har ein gjennomført stand kor dei har gjort seg stor flid med dei ulike elementa. Dei har vore på studietur til ei bedrift og har gjennom standen vist fram det som dei lærte der. Dei har koda og programmert, for å visa fram korleis karbonfangsanlegget fungerer, heiter det frå juryen.

Teknologisk innovasjon

Den mest teknologisk innovative standen, sponsa av DNB, gjekk til Spildepollen skule. 

Vinnarar Spildepollen skule - Klikk for stort bileteSpildepollen skule

Prisen vert gjeven til det bidraget som viser fram nytenking og smart bruk av teknologi. Her premierer juryen løysingar som peikar framover og utfordrar det etablerte.

- Prisvinnaren har ein godt planlagt utstilling. Elevane har fleire gode og innovative idear. Dei presenterte fem ulike teknologiske løysingar. Vi fekk testa ut løysingane og vart imponert over dei velfungerande funksjonane, skriv juryen.  

Berekraft

Prisen for å ha best fokus på berekraft, sponsa av Equinor, gjekk til helse- og oppvekstfaget på Sotra vidaregåande skule. 

Helse- og oppvekstfaget på Sotra vidaregåande skule - Klikk for stort bileteHelse- og oppvekstfaget på Sotra vidaregåande skule

Denne standen hadde sterkast fokus på miljø, samfunnsansvar og berekraftige val. Vi ser etter konkrete tiltak og gode idear for ei grønare framtid. Vinnaren presenterte ein grunntanke om at viss ein skal få til grøn omstilling, så er vi avhengig av menneske. 

- Den sosiale berekrafta med menneske som bryr seg dannar grunnlaget for dette. Prosjektet viste hjartevarme og hadde i arbeidet med seg grøne, berekraftige løysingar for å redusera matsvinn, skriv juryen.

Les meir frå Energimessa her.


Red. Vigleik Brekke
Foto: Dorthe Austevoll Fiml Studio