Presenterte rapport om sluttpakkeordning

- Prosessen med sluttpakkar burde ha vore gjennomført på ein meir dokumentert, strukturert og etterprøvbar måte. Det kunne ha ført til noko større innsparing. Det er konklusjonen etter Deloitte har gjennomført ei mindre undersøking av sluttpakkeordninga gjennomført i Øygarden kommune i 2021.

Det var Lene Lunde frå Deloitte som presenterte rapporten for formannskapet. - Klikk for stort bileteDet var Lene Lunde frå Deloitte (ståande) som presenterte rapporten for formannskapet.

Bakgrunnen for å nytta sluttpakkar var for å realisera eit behov for nedbemanning. Sluttpakkeordninga kosta 44,2 millionar kroner. Deloitte har estimert den årlege innsparinga på ordninga til om lag 32 millionar kroner så sant ein unngår å erstatta fleire av dei stillingane som er tekne med i sluttpakke og dersom tilsette med høg alder hadde stått i stillinga.

Lukkast delvis med å redusera bemanninga

Før ordninga vart effektuert meiner Deloitte at Øygarden kommune i større grad burde ha laga prognosar for potensielle besparingar for å lettare kunna vurdera om kostnaden ved ordninga faktisk veg opp for potensiell framtidig årleg besparing.

- På bakgrunn av undersøkinga, meiner Deloitte at Øygarden kommune berre delvis har lukkast med å redusera bemanninga og kostnadene ved hjelp av sluttpakkar, står det i rapporten som vart presentert for formannskapet på torsdag.

I 2021 var det eit mål om å redusera den kommunale bemanninga med 43,6 årsverk. Det vart til slutt tildelt sluttpakkar tilsvarande 56,9 årsverk. Total nedgang i årsverk frå 2021 til 2022 var 22,6 årsverk.

I rapporten heiter det også at Øygarden kommune ikkje klarte å unngå at det vart tildelt sluttpakkar til personar som likevel skulle slutta av andre grunnar (pensjon, oppseiing og liknande) innan ein relativt kort tidsperiode.

Kommunedirektør Johnny Breivik seier at rapporten mellom anna peikar på at vi må vera tydelegare på kva rammer som gjeld for slike ordningar.

- Det har vore nødvendig og nyttig å få ein objektiv gjennomgang for å trekkja erfaringar og konklusjon i ei svært krevjande omstilling både for oss og andre kommunar som kan koma i liknande situasjon, seier kommunedirektøren.

Her kan du lesa rapporten. (PDF, 462 kB)

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke