Presenterte erfaringar med TVEPS-studentar

 Its21-Konferansen 2023 vart halden i Bergen dette året. Deltakarane kom frå mange land, og hovudtalarane var frå USA og England.

Ane Johansen (leiar TVEPS), Alyce Levik og​ Elin Gundersen (TVEPS)

Konferansen inkluderte inspirerande keynotes, workshops, munnlege forskingspresentasjonar og paneldebatt. Målgruppa var alle som har interesse for tverrfagleg teamarbeid og samarbeidslæring i høgare utdanning, korleis få til verdifull synergi mellom utdanning og praksisfelt, entreprenørskap og kompetanse for berekraft.

Frå Øygarden kommune deltok Alyce Levik i paneldebatt og fortalde om gode erfaringar med TVEPS-studentar i kommunen. TVEPS står for tverrprofesjonell samarbeidslæring.

Frå paneldebatten. Alyce Levik m/ mikrofon.

Alyce Levik er tilsett ved Tednebakkane omsorgssenter som ergoterapeut og er i tillegg prosjektmedarbeidar i samarbeidsprosjekt med høgskulen, for å betre studentarbeidet.


Tekst: Tonje Tangen Alvsvåg