Pårørandesamling - Tenester for personar med utviklingshemming

I samarbeid med Norsk Forbund for Utviklingshemma ønskjer Øygarden kommune velkomen til pårørandesamling.  

Ill. Ole Kristian Øye, Klipp og Lim AS

Samlinga vert i Øygarden rådhus på Straume onsdag 12. april klokka 17.30. Cato Ellingsen innleiar med temaet: «Sei ja når du kan, og nei når du må».

Vi ønskjer å vere god på brukarmedverknad og samarbeid….. til det treng vi DEG!  Samlinga vil vera ein møteplass for at vi saman kan koma fram til gode samarbeidsformer, som kjem tenestemottakarane til gode.

Det vert enkel servering, og treng difor påmelding til post@nfuoygarden.no innan 31.03.2023

Har du spørsmål ring einingsleiar Kristin Straume på tlf. 99 79 95 26