Parker sykkelen trygt ved Ågotnes terminal

Frå måndag 19. februar kan du parkera sykkelen din trygt og gratis ved Ågotnes terminal og ta bussen vidare.

Sykkelstativete ligg like ved Ågotnes skule. - Klikk for stort bileteSykkelstativet ligg like ved Ågotnes skule. Råmund Skjold

Spesialrådgjevar Råmund Skjold opplyser at det er montert 10 sykkelstativ ved innfartsparkeringa ved kollektivterminalen. Dei er finansierte av Miljøløftet og levert av Baia Mobility.

- Løysinga er velprøvd og har vist seg å vera svært sikker mot tjuveri av syklar frå stativa. Dette er eit flott tilbod til dei som til dømes vil sykla til kollektivterminalen frå nærområdet og skal vidare med buss, seier Skjold. 

Stativa har innebygd høgtalaralarm og ein stålbøyle som låser både ramme og hjul. Du kan bruka stativa med appen Bikeep eller med eit kort som har RFID-brikke som til dømes tilgangskort, ladebrikke eller liknande.