- Øygarden vil ta bruk morgondagens løysingar

- Det er lett å la seg imponera av det tette samspelet mellom næringsutvikling og det offentlege her både i smått og stort. Det seier regiondirektør i NHO Vestland, Helene Frihammer etter at ho besøkte Øygarden kommune torsdag.

om Georg Indrevik og Helene Frihammer - Klikk for stort bileteTom Georg Indrevik og Helene Frihammer er opptekne av å ha god dialog om moglegheiter og utfordringar.

Saman med rådgjevar Mona Sandmo Nilsen møtte ho kommuneleiinga. Frå Øygarden kommune deltok ordførar Tom Georg Indrevik, kommunedirektør Johnny Breivik og dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling KF, Hanne Misje Lokøy. 

I orienteringa viste ordførar Tom Georg Indrevik til viktige drivarar for Øygarden kommune og heile bergensregionen som nytt sotrasamband, det grøne skiftet som vert realisert i Energiparken, industri, havbruk og handel.

- Når ein er på besøk i Øygarden kommune skjønnar ein kvifor slagordet «Gløym Gardermoen. England er nærare» passar så godt. Og ikkje minst det stadige blikket utover mot nye horisontar og framtidsretta utvikling med nye bein å stå på, seier Frihammer.

Frå venstre; Tom Georg Indrevik, Hanne Misje Lokøy. Johnny Breivik, Helene Frihammer og Mona Sandmo Nilsen. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Tom Georg Indrevik, Hanne Misje Lokøy. Johnny Breivik, Helene Frihammer og Mona Sandmo Nilsen.

Viktig med god dialog

Ho seier at NHO set stor pris på god dialog både rundt moglegheiter og utfordringar og ikkje minst at Øygarden er så opptekne av å leggja til rette for ny næringsutvikling, lokal kraftproduksjon og ta i bruk ny teknologi både innan mobilitet og velferdsløysingar. 

- Øygarden kommune er definitivt ein kommune som er oppteken av å ta i bruk morgondagens løysingar for dagens og morgondagens problem. Og det treng vi skal vi lukkast, seier Frihammer etter besøket.

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at dialog med NHO er viktig for å sikra at alle får augo opp for dei moglegheitene vi kan skapa i fellesskap. 

- Vi nytta også høvet til å presentera Framtidssamfunnet, noko som kan utløysa ytterlegare vekst og utvikling, seier ordføraren.

På møtet var ein også innom tema som energisituasjonen og økonomien for næringslivet.

- Vi registrerer at det utfordrande tider for bygg- og anleggsbransjen. Ein konsekvens av dette kan over tid verta at vi mistar kompetanse, seier Helene Friammer.


Tekst og foto: Vigleik Brekke